Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2017

Mørkaloftet- ein spanande tilfluktsstad.

Bilde
Mørkaloftet var bak ein glugge i taket på utelemmen. Det var spanande og kanhende ikkje heilt ufarleg å krype dit opp, ettersom du kunne risikere å ramle ned troppa til første etasje. Derfor var det helst Flossvikas svar på Tarzan(les Britt) som klauv dit. Det var spanande der oppe. Halvmørkt, med gamle kledeplagg, bøker og andre ting som ikkje var i dagleg bruk, men for gode til å kasta. Dei  hadde ikkje lagt golv der, så du måtte balansere på tverrsprossene, elles kunne du gå gjennom taket, sa dei vaksne. Eg var vel så lett at det hadde gått greit, men eg passa meg jo, og steig på sprossene. Skorsteinen gjekk gjennom loftet og ut, og det gjorde det varmt og lunt vinterstid. Av og til hang det fisk til tørk der oppe, eller mor hadde hengt eit par fenalår eller ei spekeskinke der. Eit år hang det ribbe attmed skorsteinen. (ikkje fullt så mange)  Mor førde rekneskapen for far, og bilaga skulle oppbevarast i ti år. Dei låg på høgre sida, klede bak skorsteinen, , bøker på ven

Leikeplass og sovesal for 4, - lemmen.

Bilde
- Prøv å skyve han litt lenger inn. Eg ropa høgt inn gjennom omsrøret. - Eg klarar ikkje, kom det med fortvila røyst frå innsida.  Eg strekte meg enno litt til, og såg sotmerka oppetter armen. Der nådde eg han, nøkkelen, og kunne låsa opp for redde småsøsken. Dei skulle vera store, og låse oss ute. Så gjekk døra i vranglås. Lemmen var soveplass og leikeplass dei første åra etter me flytta til til Flossvika. Vil du vere med opp dit?  Me hadde altså lem i nyehuset.. Den gjekk tvers over huset, og hadde eit stort vindauge på midten med utsikt over  fjorden, Kråka og Fyllingsnes. Det var skråtak i begge endane.Veggene var i ståande, lakkert panel, og det var ei rund kule i taket, lys for heile rommet..I byrjinga var det 3 skuvsenger, seinare kom det køysenger ved veggen tvers overfor  døra, og ei ordentleg vaksen seng til på andre sida av glaset.. Der låg eg som var eldst..  Vi hadde omn, og innebygd garderobeskap med heimesnekra hyller, ei hylle til kvar og ei felles, i tillegg .

Vaskemaskiner

Bilde
I gamle huset på Leiknes hadde me bryggeripanne, og koka klede, og stor var gleda da far ein dag kom køyrande med ei Hobby  vaskemaskin på lasteplanet. Maskina var  laga på Eidet i Bjørsvik. Den kunne du varma vatn i, Og du kunne koka kleda . Så vaska du det som skulle vaskast i varmast vatn først, og så fyllte du på med kaldt vatn i maskina etterkvart som du skulle vaska klede som ikkje tolde så mykje. Det var montert vrimaskin på maskina, og den vridde væta ut av kleda, slik at det var det var mindre såpe å skylja etterpå. Det var moro å vere med og vri på handtaket til vrimaskina og sjå  vatnet pipla ut, og kjenne kor turt tøyet vart til slutt! Me brukte sinkbaljar med kaldt vatn  til å skylja i, I førstninga køyrde far vatn med lastebilen når det var turt, og brunnen var vasslaus, seinare fekk me innlagt vatn frå ei kjelda som heldt vatn. Mor vaska ulltøy for hand, med Sunlightsåpe, og bruka vaskebrett til det tøyet som hadde flekkar.. Ute på haugen var det klesno

Ta mandlar - eit must i 50-åra.

Bilde
Eg tok mandlane i 5-6 års alderen. Det var gjengs. Hadde du store mandlar, og var ofte forkjøla, som ungar ofte er, så tok du mandlane. Då eg gjorde research til  dette, fann eg at det medisinske omgrepet for mandlar var tonsillane, og at dei ligg på begge sider av svelget . Dei er viktige for immunforsvaret, for å lage kvite blodlekamar, og dei er størst i 3-4 års alderen. I dag fjernar ein tonsillane om immunforsvaret er defekt, om det er tale om forstørra mandlar i årevis, eller hjå eldre som lid av søvnapne. Då eg var barn, var det viktig å få tatt mandlane. Ungane vart friskare då, sa folk. Men då måtte vi få tilvising frå lækjar til sjukehuset, og når du vart kalla inn,måtte ein ta turen til Bergen. Det var den sedvanlege køyreturen over Kleivdal, gjennom Seim og til Isdalstø, med mange grindar ein skulle opne på vegen. Det var ferje til Steinestø, gjennom Åsane, Hedlesneset  og til Florida sykehus, driven av nonner, og som den gongen var rekna som det beste hospitalet