Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2016
Bilde
Vi gledde oss alltid til jonsokafta. Det var ein festdag, med bålbrenning og fellesskap. Ei lita flaske rauid Perle og Bruse frå Hansa Bryggeri var kjøpt inn, og Tomkakekjeks likeså. Ranselen var tømt for skulebøker, og klar til  nytt innhald. Ein brusopnar, populært kalla oppdragelse låg og i sekken. Eg hadde forhandla med mor i fleire dagar om utetid. Ho kunne ikkje vere med, fordi det var småungar i huset, og far hadde alltid usikker heimkomst  om kvelden. "Alle andre argumentet " var oppbruka. Tårer og sinne brukt.  Til slutt vart tida 22.30, frå bålplassen,  ein halv time over starttidspunktet. Eg laut vera nøgd med det. Venninna mi og eg hadde avtalt å gå saman klokka 18, og vi fylgde stigen oppover mot Rindane, der bålet var i år. Vi møtte fleire som slo lag. Spelmann vart det og, for frå Hopsdal  kom dei  med trekkspelet. Bålet var stort, og narrekallen ruva også. Det var mykje sprakje på begge to, og det syntes på dei snaue haugane rundt. Harald t
Bilde
Når klokka var halv sju eller seinast halv åtte var det tid for  dagens siste måltid. Kveldsmaten vart eten ved bordet. Vi dekka på,og det var ofte ein av ungane si oppgåve. Det var titt brød, pålegg som til frukost, og mjølk. Men vi koka ein del kakao, og ein sjeldan gong te, med mjølk i for oss ungane. Når vi ungane overtok kokinga av kakao, laga vi ofte mykje. Det som var att etter kveldsmaten, fekk ho som var fyrst oppe morgonen etter. Ofte var det Edit, litt i konkuranse med Åsta. Me kunne og ha graut, særleg havregrynsgraut, men eg trur mor og far  hadde hatt mykje av det under krigen, så det var ingen vane. Grauten vart servert med sukker og smørauga, og av og til mjølk. Kanel vart  servert til risgrynsgraut. Om sumaren kunne me ha rømmekolle med sukkerkavring, for det var mykje sur mjølk fordi vi ikkje hadde kjøleskap. Mor sette også opp surmjølk i store brune kjerald. Det var eit rømmelag oppå mjølka, og det var viktig å få sin del av rømmen. Vi kunne ste
Bilde
På var vandring gjennom måltida for ca.60 år sidan,  er me kome fram til nonsmaten, eten ein gong mellom halv fire og halv fem om ettermiddagen..  Her kunne vi og dekka på bordet, og eta samla,Pålegg og brød stod på bordet, og dei som varstore nok, smurde margarin og la på pålegg sjølv. Dei vaksne drakk kaffi med kaffifløyte oppi, og  ungane drakk njølk. Kaffifløyten vart skumma av mjølka i spannet, og oppbevart i kjellaren om sumaren. Me åt  skjever, eller  pannekaker og  bollar.  Sat ein ved bordet, åt ein opp, fekk lov å gå frå bordet, takka for maten og vart dimmitert.   Av og til bløytte vi lefser, og smurde dei med smør, sukker og kanel. Vi laga skuffkake,av surmjølk. Kjøleskap hadde vi ikkje, så det var rikeleg av surmjølk. Mor sette og opp mjølk til surmjølk i sumarmånadane.  Det  hende og at ein fekk ei skjeva i hånda, eller smurde sjøl. Nonsmaten var eit friare måltid, der du ikkje alltid sat til bords i stova. . Om sumrane var nonsmålet  enno meir fritt. Me fekk sm
Bilde
Vi hadde ein del merkedagar vi gledde oss til: Jul, bursdag, nyttårsafta. 17.mai og jonsok. Jonsok brende ein bål, og bålet vart førebudd. Då ein var liten var bålet ofte litt rusk og rask som far eller mor hadde samla, og som vi brende ytterst på tomten, eller vi samla oss hjå ein nabo som hadde litt skrot å brenne. Vi ungane fekk kjeks og brus, vi leika oss og kom oss i seng litt seinare enn vanleg. Men etterkvart som ein gjekk fram i alder og visdom, og snakka med andre om denne storhendinga, så vart horisonten utvida. Det var greitt nok å brenne i fjøra, og då såg ein andre som brende bål i fjøra, og eit og anna bålet på toppane på andre sida av fjorden, men det heilt store var å brenna bål på toppane, der ein kunne sjå andre brenne på andre toppar. Så då var målet å få vere med på ein av toppbåla. Det vart bygd bål på Rindane, på Leitet og på Sjonkletten, etter det eg hugsar. Ikkje alle stader samtidig, men litt etter kvar dei mest ivrige budde.Dei eldre ungane og ungdomme

Middag til middag, kvardag som sundag.

Bilde
DCCE76F5-289D-450B-81FB524C997B29E4-6762F243-A8E2-43F2-8801179FD6E2E8EF - No er det middag! Ropet lydde ut over nabolaget, og betydde at no var det å sleppe det ein hadde, avbryte leiken og kome seg inn. Vaske hendene, og setje seg til bords. Klokka var ein stad mellom 12 og 13, vanleg middagstid. Bordet var dekka, oftast av ein av ungane,  og alle hadde sin faste plass. Ofte kom far heim frå arbeid, om han ikkje arbeidde langt unna. Middag hadde to rettar, hovedrett og suppe. Til kvardags var det fisk av alle typar, fiskekaker, fiskepudding og heimelaga fiskegrateng, eller middagspølse kjøpt i lengder, Fiskebollar på boks, severt med kvit saus, kunne vi ha, spesielt når mindre søsken skulle lære seg å ete. Joikakaker kunne vi ha ein hende gong. I sesongen var det torskerogn og lever, og etterkvart vart det steikt rogn, kjøpt i boks. Kvalkjøt var kvardagsmat, og raspekaker med salta kjøt, kålrot og gulerot var ettertrakta både hjå barn og vaksne. Men å skrelle og raspe poteter va

Måltid . Særleg frukost.

Bilde
Det er kanhende tid å snakke litt om mat og måltid. Også det har forandra seg, både kva ein åt, når ein åt, og kanhende kor mange måltid ein åt. Me hadde vanlegvis 4 måltid om dagen, i denne rekkjefølgja :  frukost, middag, nons og kvelds. Frukost når du stod opp, middag ein gong mellom 12 -13, og oppvarma hvis du kom frå skulen i tretida, nons om ettermiddagen og kvelds i 7-8 tida om kvelden. La oss ta frukost først. Mange hadde graut til frukost, men det var det ikkje heime. Me hadde brødskiver med smør og pålegg, og ungane drakk mjølk, medan dei vaksne drakk kaffi, som oftast med kaffifløyte eller mjølk i. Mjølka var kjøpt på meieriet, sidan me ikkje hadde kyr sjølve, og fløyten var skumma av, til kaffifløyte.  Om formiddagen og av og til om kvelden var det ei plikt å dra på meieriet og kjøpe mjølk.  Seinare vart det kvite og brune mjølkeflasker med metallkork, kjøp på butikk. På brødskiva var det margarin, oftast Melange, kjøpt i halve kilo, og lagt på ein asjett. Den va

Eit høgdepunkt om sommaren var bading

Bilde
Førstemann uti! Me var kome til Vågen, den vesle badeplassen innerst i Leknesvågen, og no var det om å gjere å kome først ut i vatnet. Vi slengde klærne av, og dei som var smartast av oss hadde teke på seg badebuksa heime. Vi vassa eller hoppa uti, alt etter flod og fjøre, og fyrstemann som dukka hadde vunne. Som regel var det meg. Dei som var yngre, måtte klare seg sjøl! Men når ein hadde dukka, så kunne ein hjelpe til å få på symjebelte og leie dei mest forsiktige uti. Ein badetur  krov førebuing. 4 søsken skulle ut, Alle skulle ha badebukse og håndkle, symjebelte,  og som oftast hadde vi mat med, for vi åt nons i badevika, så vi måtte smørja mat med kakaorøre, ost eller syltetøy, og lage saft på  glasflasker. Vi måtte ha med koppar, og alt skulle nedi vesker eller nett. Så drog i avstad vi 4, saman med naboungar, så vi var ein heil flokk ned Sudmannsbrekka. Vi klauv over støypemuren, hjelpte småfolket og leidde dei ned  til sjøen.  På førehand hadde vi lest avisa om sj