Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2016

Tvillingar II

Bilde
Det var stas med tvillingar i huset for oss ungane. I den første tida låg dei lag i same senga, og mor fortel om første gongen den eine oppdaga den andre, og forsiktig strekte ut ei hand for å røre ved vesenet ved sida av. Det kom gutar i 10-12 årsalderen på døra, ringde på og spurde- Kan vi få sjå dei?  Så fekk dei kome inn, sjå vedundra og sitje forsiktig i sofaen og halde dei. Jenta var tunn, og fekk dermed mest morsmjølk, medan guten fekk litt av det, og litt erstatning. Dei vaks, og snasrt var dei like store, men guten var alltid litt meir sett. Mange kom med sengjakonemat. nokre hadde med rømmegraut eller kaker, som skikken var, og me ungane likte sjølsagt det. Mange hadde med gåver til dei nyfødde. Dei fekk rikeleg av sparkebukser, fine trøyer, ein del heimestrikka, tepper, luer , vottar og labbar.  Alt var i lyseraudt og lyseblått som skikken var, og mor fortel at det var moro å kle på dei to så mykje fine klede. Heldigvis var det ulike størrelsar, så dei hadde  kleda

Tvillingar !

Bilde
Det var ein uvanleg varm sumar på Vestlandet, sumaren 1956. Veke etter veke gjekk utan at det kom vatn, og folk byrjå å sjå i brønnane, og peile dei. Nokre måtte ha vatn tilkjørt, andre tok i bruk den kjelda som låg lengre bort frå husa, men som heldt vatn. Me ungane storkosa oss, gjekk i lette klede, og var i bad fleire gonger for dagen. Mor gjekk og steig og var barntung, og sleit i varmen. Ho var stor, og sist ho var til kontroll, meinte lækjaren det var to, for han høyrde to hjarteslag. Det var tvillingar i slekta til mor, og mange sa at det hoppa over eit slektsledd, og det stemde her, for bestemor hadde tvillingsystre. Så var det å svinga seg rundt, då og sy eit ekstra stell av bleier og rumpedukar, skjorter og trøyer, sengetøy og alt som trengtes, og då far kjørte til byen, var mor med og kjøpte inn  sparkebukser, og anna som skulle til. Sidan det var to, var det ikkje snakk om heimefødsel. Det kunne jo vere komplikasjonar. Å reise til Bergen var tungvindt i desse dagar,

Ønskekonserten

Bilde
Dei yngste søskena var lagde, og me hadde ete kveldsmat. Det var måndag, og ynskjekonsert. Det var eit av dei mest populære programma på 50-talet. Mor fann fram strikketøyet , eller broderiet, skrudde på knappane, og snart lydde Boajerenes inntogsmarsj i stova. Lille Graah var den mest kjende stemma og fortalde kor mange som hadde sendt inn plateynskje, og kor mykje som var kome inn  til Radiogavefondet. Folk sende inn ynskje om sang, og la ved ein liten sum til fondet. Radiogavefondet, ein institusjon grunnlagt i 1950 som hadde til formål å låne ut radioapparat til  syke, gamle, blinde og uføre, samt fjernsynsapparater til  hørselssvekka og andre.  Ønskekonsertane kvar veke, og renteinntekter var  inntektskjeldene til fondet. Det var ikkje alle som hadde råd til å kjøpe radio, sjøl om kosta berre 70 kroner. Derfor Kom det godt med å låne apparat. Konserten starta med ei eller to barneplater, og snart kunne songar som ,Teddybjørnens vise, Bamsens fødselsdag, Nøtteliten e

Den store verda på eit ungdomshus nær deg

Bilde
Det stod plakatar på oppslagstavler og stolpar. Det skulle vere Bygdekino i ungdomshuset på Hjelmås.  To forestillingar, ein for barn og ein for vaksne. Av og til var det aldersgrense 12 år på vaksenkinoen. Dei første åra var det ikkje så nøye med aldersgrensene, sidan vart det strengare. Det galdt å få lov. Mor var litt streng. Det skulle vera bra filmar. Det hjalp ikkje å kome med Davy Crockett der i garden. Men norske filmar fekk me gå på, og anerkjente barnefilmar. Litt nyare type Me gjekk eller sykla til Hjelmås. Det var vel ein times gange, og det var ingenting, den gongen. Den oransje Folkevognsbussen med Norsk bygdekino på sidene var kome, og filmframvisaren vart installert på galleriet. Høgtalarane vart sett opp, og vi betalte vel ei krone for å koma inn. Maskinisten hadde  pengeveske og reiv av billett til kvar enkelt.  Det var litt høgtideleg for oss ungane Me sat på benker utan ryggstø, og storøygde fekk me med oss " Fjols til fjells"  "Toya&q
Bilde
Radioen var det første massemedium me hadde i Noreg. Gjennom det kunne ein sende same bodskapen til mange menneske samtidig. Etter krigen auka radiolisensane til 226000. Det vil seie at minst  halvparten av dei som budde i Noreg kunne høyre radio. Det var det same alle kunne høyre. 4 nyheitssendingar om dagen, der nyheitene var frå Norsk telegrambyrå og Reuter.  Like ofte vart det sendt vermeldingar.  Melding om fiske var viktig for dei som dreiv fiske, og det var fleire då enn no.  Været til sjøs var viktig for dei som ferdast på sjøen.  Erling Hagesæter skriv i boka si om korleis det var å krysse Sognefjorden med  motorskøyte under krigen då ein ikkje kunne høyre vermeldingar. Det var ikkje spøk, for veret kunne skifte fort. Husmoren hadde 5 minutter, der det vart teke opp viktige småting for henne som stellte heime. På 50-talet var det dei fleste gifte kvinner heimeverande, og dette var viktig oppvurdering og undervsning for denne gruppa.  Elles var det daglege børsnotering