Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2017

nabo

Bilde
Den lange kvite kroppen med gule og svarte flekkar låg utstrekt på bakken. Litt blod pipla frå eit sår i sida.  Det ligna Tiko, Tiko, pusen min som eg hadde kosa med, kjøyrt i dokkevogn og slite i halen. Samstundes var det ikkje han.. Eg hadde som vanleg sprunge over steingarden og nesten aka meg ned til naboen for å ta ein prat. Hans, sonen pp garden,  fekk det travelt med å flytte katteliket, som eg som eigar av det tidlegare kjæledyret ,ikkje skulle sjå. Kona hans, Ingeborg fekk det travelt med å be meg inn for å smake på kaker, og då eg kom ut att, var den døde kattepusen borte borte, sannsynlegvis kasta i møttinga, der slike kadaver enda.. Eg sakna han ikkje så mykje, for det var mange kattar heime, og mor hadde bedt naboen, som hadde gevær om å tynne litt i rekkjene. Då eg budde på Leiknes, hadde vi naboar. Nedanfor haugen budde Stella og Bernhard, og seinare Hans, sonen deira og kona hans Ingeborg. Både Bernhard og Hans hadde reist til sjøs i sin ungdom, og hadde derfor e

Onkel

Bilde
Onkel  var ein yngre bror av mor. Han fekk ein barnesjukdom i 2-3 års alderen, og vart alvorleg sjuk med feber. Det var ikkje vaksine for slike sjukdommar på 30-talet,og da han kom seg, var han ikkje som andre.  Han gjekk på vanleg folkeskule heime i bygda, og dei jobba hardt med leksene heime.  Ho mor som var eldst, streva med han for å få han til å lese, og det lærde han, men skriving og rekning vart det mindre av. Enkelte ting hugsa han ualminneleg godt, som fødselsdagar, og kom alltid og gratulerte folk i bygda når dei hadde dag. Han leste Det beste ( Den norske utgåva av Reader Digest, med små kortfatta samandrag av artikklar), og i bygda var han med ungdommane på det som var føre, gjekk på Bygdekino og reiste på dans, og dei andre syrgde alltid for at han kom heim att med den skyssen som var. Han var ein del av bygda, og bygda passa på han, som den passa på alle som var annleis. Han var ikkje flink til å arbeide, og skulle han hogge ved eller gjere noko anna praktisk, måtte

Konfirmant 1960

Bilde
. Eg var tidleg oppe. Det var vi alle. Eg skulle konfirmerast. Borte på stolen hang den nye Hardangerbunaden, og skjorte og forkle var stiva og nystroke, av mor, sjølsagt. Bringestykke og belte var arv. Det perlebroderte beltet hadde gullbelagt spenne. Stakken hadde svarte bånd nedst, og vesten var raud, medbånd og sølvfarga krota band. Eg hadde fått nye bunadsko, og bestemor og bestefar hadde kjøpt ny stor sølje. Du kan tru eg var fin, etterat mor hadde hjelpt meg på med bunaden, og festa bringeduk med sikkerhetsnåler forat han skulle halde seg på plass! Det vart lite mat, for spenninga var for stor. Snart gjekk varselet om at Oster gjekk til Hjemås, noko vi såg gjennom stoveglaset, og me skunda oss i veg. Mor litt seinare, for ho måtte gi instruksar til dei som skulle ta kjøkkenet og passe dei minste. Eg hadde fått ny kåpe, pepitarutete som var høgste mote, sjøl om rutene var litt annsleis enn på biletet i vekeblada, ny paraply,  men eg hadde fått klokke  tidlegare.  Det

Livet kring hønsegarden i Lunddalen

Bilde
Då me budde i Lunddalen hadde me høner. Det var vanleg med attåtnæring like etter krigen, så dei fleste hadde nokre sauer, ein gris eller høner, om dei berre hadde eit mål tomt eller to. Dei sette poteter, fekk tak i bærtre og frukttre, og dreiv såleis matauk. Dei hadde ofte  beiterett hjå bonden dei kjøpte hustomta av, og av og til rett på ved frå gardbrukaren  sin skog, Me hadde gris eit par år,  og mor hermetiserte kjøtet for å ta vare på det, og vi hadde spekeskinke.Eg trur vi selde halve grisen, og, eller bytte den bort mot ein sau.  Grisehuset var også opphaldsstad for oss ungane, i dei årstidene når det ikkje var dyr der. Kva mor meinte om det, veit eg ikkje, men grisemøkka var vel turka litt inn når me kraup omkring der! Men tilbake til hønene. Dei hadde tilhelde i uthuset, som og rømde utedoen og skykkja med ved og hoggestabbe. Du kunne gå inn i hønehuset gjennom skykkja, og det var alltid spanande å gå inn der, til flaksande høner, og hente ut egg. Det var som regel m