Innlegg

Viser innlegg fra april, 2018

Arthur på Kleiva

Bilde
Han var onkelen til mor, gift med Martha, ei av tantene til mor. Han budde på Kleiva, den øvste av Leiknegardane. Huset var forholdvis stort. Løa var bygd i stein med tre over, og hadde plass til dyr og til låve med høy. Garden var ganske flat etter vestlandske forhold. I byrjinga av 1900-talet hadde far hans kjøpt eit av dei mindre bruka som vart lagt ned, så garden var forholdsvis stor etter tilhøva på Leiknes. Dei hadde ein stor hage med mykje frukt og bærtre, noko vi ungane fekk smake på i sesongen. Dei brukte mykje frå den store hagen sjøl, ettersom dei hadde mykje naturalhushald, men eg trur dei selde litt på torget og. Onkel Arthur var pinsevenn, og leiar for den vesle flokken i Betel i mange år. Historia fortel at han fyrst gjekk bygda rundt og samla inn pengar til bedehuset til indremisjonen, og så reiste han og nokre vener til Bergen og høyrde på Barrat, og så vart han pinsevenn. Han gjekk då for andre gong rundt i bygda, og samla inn til bedehus for dei frie, og Betel

Askild- Ola- Berent

Bilde
                                                      Han heitte Askild- Ola- Bernt.  Me ungane syntest det var eit rart namn,men det var veldig logisk, for faren heitte Ola, og bestefaren Askild. Så hadde ein heile slekta i namet hans. Han vart og nemt for Bernt i Røyskattlia, etter plassen han budde.. Det var eit lite på hus på ein og ein halv etasje, med kjøkken, stove og kammers på første plan, og eit par små rom på loftet. Det var ein oppløa steingard mot Kleiva, og eg trur det var delvis stakitt og delvis netting rundt resten av tomta hans. Då eg leste meg opp på kven han var, fann eg ut at far hans, han Ola,  selde heimegarden i 1907, men skilde ut Røyskattlia for seg og familien sin. Heimegarden vart seld til Salomon Olson Kleppe frå Tysnes, Ola hadde tre born. Olivia gifte seg til det nedste bruket på Leiknes, Stella vart gift med son til Solomon, han Bernhard, og Berent, som han eigentleg heitte, reiste til sjøs ei stund, før han i 1941 fekk skøyte på Røyskattlia av mor

Byfolk på landet

Bilde
Dei var litt høgre enn oss, byfolket. Dei snakka annsleis og finare enn oss. Dei hadde finare manerar, og tala litt ovanfrå og ned når dei møtte oss. Dei som flytte til byen for å arbeida som hushjelp eller i butikk, kom heim att etter fjorten dagar, og snakka bymål. Det var finare. Når vi ungane leika oss med dokkene, eller hadde andre rolleleikar, så tala vi bymål. Vi skarra på r-en, og brukte bergenske ord og uttrykk. Tjua deg! Byfolket reiste på "lanne". Dei kom med dampen laurdag ettermiddag, fedre, mødre og barn som skulle på "hytten", eller skulle losjere seg inn hjå bønder og andre som hadde ledig plass, eller sjølvefolket flytte litt saman for å leige ut eit rom til dei som kom frå bydn. Dei hadde stort sett med seg det dei trong til helga i koffertar, ryggsekker, pappøsjer med hyssing rundt, og nett. Var det midt på sommaren, var familien på lanne i veka, og far kom med dampen laurdag ettermiddag.. Då henta familen han, slik vi gjorde med våre sle

Rutebilen overtek.

Bilde
Dampen var kommunikasjonsmiddel nr. 1 inn og ut gjennom Osterfjorden. Du reiste med den, og gods og varer sendte ein med dampen.  Men så var vegane betre, bruene fleire og det vart meir ferjene. Nordhordland var i ferd med å verte eit rike, til lands. Då kom rutebilen. Den første ruta til INDL gjekk frå Osteridet til Nesbø, og fra Eikanger til Myking, og start allereide i 1929. Men på 50-talet fann dampbåtlaget ut at det var betre å sløyfe små og dårlege kaiar, som for eksempel Hillesvåg, og heller setje inn bussrute frå Høyland  og til Leiknes. Vegen om Fyllingsnes til Eikanger kom seinare, på slutten av 50-talet. Dei første bussane var små, med snute framme, kasse ved sida av sjåføren, og inngang framme. Sjåføren hadde billettørveske, og du fekk fargerike billettar for kvar tiøre, tjuefemøre, femtiøre og krone du betalte med. Han hadde uniformsjakke og huve med dampbåtlaget sitt emblem, så han var stasleg.  Koffertar la du inn i bagasjerommet under bussen, saman med rygg