Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2020

Bryterne til lyset står i mørke

Bilde
Det vert fortalt at ein BNR-sjåfør kom køyrande ruta si tidleg på morgonen , og stoppa for å ta på ein passasjer. Det var predikanten Emanuel Minos, ein svært mørkhuda mann opphavleg frå Afrika.  Det var  ikkje eit svært vanleg i Lindåsbygdene på 50-talet, så i forfjamselsen trekte han i hendelen  så døra gjekk att, før han opna den på nytt og sa:- Det vart mørkt, ja, i det han sleppte passasjeren på. Mørke var mørkare då eg var barn. Det var ikkje så mange utelys. Det var nok  eit utelys utanfor dei fleste inngangsdører. Det hang  og eit og anna lys på lysstolpane etter vegen, ikkje særleg logisk sett opp, spør du meg. Det var lys i vegkryssa, eit lys før Brunæ, eit i Sudmannsbakken, eit i svingen før Flossvika, og det var det. Andre vegen hugsa eg ikkje, men det var ikkje mange. Dei fleste sløkte utelyset utanfor huset om natta, så det var mørkt, særleg når det var overskya eller  regn. Då kunne det vera beksvart, ikke berre tussmørke. Så var du ute etter sola

Alf Fyllingen (Svingen)

Bilde
Han var fødd og budde i svingen nedanfor huset hans bestefar, og fordi det var to Alf Fyllingen  på Hjelmås, så vart han heitande Svingen. Far og Alf var mykje i lag under oppveksten, og det var dei to som tok bil over Soddalskaret og til Hodnesdalen før brua over Leiknesvågen kom i 1949. Eg trur far og han var omtrent jamgamle, og begge fann dei seg kone frå Leiknes. Far bygde seg hus i utkanten av heimegarden til svigerfar sin, og Alf bygde  seg hus i  i utmarka til svigerfar sin, i Tångamarka, som i den tid låg eit stykke frå vegen, inne i den ulendte  utmarka. I den tida la ein tomtane på stykke som ikkje hadde nokon verdi for gardsbruket.  (No er området brote  opp av ei skjering på  E39,  som går frå Hopdalsvegen og over til Leiknes, akkurat der.) Dei hadde uthus, og høner, som dei fleste etter krigen. Eg trur hønene  gjekk fritt på garden, for eg hugsar det var litt spenning for 7-8 åringen med ein hane som spankulerte omkring,  men eg kan ikkje hugse at dei hadde andre

Tannlegebesøk på 1950-talet.

Bilde
Dette innlegget har vore lagt ut før, men eg tenkte eg ville leggje det ut ein gong til, i takksemd over at verda går framover, og tannlegebesøk med ho!  - Det har kome innkalling frå tannlegen! Læraren braut stilla ein vanleg mandagsmorgon, der du sat og tenkte på alt og ingen ting, glad for helga som hadde vore. - Det blir 4 kvar gong( eller var det 6?), og dei fyrste på lista er Kari, Britt,  Kjersti og Ola. Bang! Kvardagen var bekmørk, hjarta dunka og du såg for deg senario fortalt frå andre elevar, om denne inkvisjonens etterfølgjar: skuletannlegen. Dette var i  midten av 50-åra, og tiltaka for å betre barna si hele var i sin spede begynnelse. Kommunen betalte for tannlækjar til borna, for å unngå at så mange fekk gebiss så altfor tidleg.  Men truleg betalte dei ikkje så altfor mykje, for det gjekk rykter blant oss ungane om ein sur, sadistisk halvfull mann som hang på boret for å gjera pina større. Tidleg opp om morgonen, og bleike om nebbet tok vi rutebåten til bydn fo

Med far på arbeid

Bilde
                                             Foto Jan Erik Hagesæter  - Du må vakne,  Britt! Far riste lett i meg, og eg var vaken med ein gong. Eg skulle vera med på arbeid.  Ein kattevask i andletet, ei brødskive og ein kopp mjølk, og åtteåringen var klar for dagens utfordringar. Far og mor hadde berre døtre, og på folkemunne var eg kalla guten hass Åsmund, fordi eg vel hadde lagt meg til litt gutefakter sidan eg ofte var med far. Far var glad i ungar. Han likte å ha oss rundt seg, og tok oss gjerne med både på turar og i arbeid. Vi gjekk på skulen annankvar dag, og såleis var det ein del dagar heime.  Dei vart bruka til å hjelpe til, og lære seg dei nødvendige syslene som barnepass, ymse slag reinhald og litt matlaging. Dessutan var det ein dag for leik, og litt lekser. Ein strålande dag, spør du meg!                                                            Gamal kompressor frå nett  Far reiste på arbeid kvar morgon. Han dreiv entrepenørarbeid, og ofte var det å bore hus

Julefestar

Bilde
Dalebygden var ei lita bygd. Det budde vel ein 70-90 husstandar der, og då rekna med alle småstader i utkanten.  Det var 4 forsamlingshus der: skulehus, 2 bedehus og eit ungdomshus. Alle desse hadde julefestar, så den vesle bygda hadde 5-6 festar i og etter  jula. Ja, av og til, når yngres hadde sine glansdagar, hadde ungdommane  julefest på bedehuset. Det starta med 2.dagsfest på ungdomshuset. Pynta juletre, og festkledde menneske. Det var julesongar, tale for dagen, opplesing og lettare underhaldning, og så rydda ein salen, og sette benkene langs veggene, og drog juletreet fram på golvet. Då var det sjølvsagt  gang kring juletreet. Det var fleire ringar, og derfor måtte ein passa på å snu, slik at dei inste ringen ikkje skulle bli svimre av å gå same vegen.  På scena var det bord, pynta med kvit duk og granbar og små julenissar. Koppen var kvelva i tefatet, og når kaffikanna og sjokolademugga kom på bordet, var det berre å snu drikkekaret og fylle oppi. På kjøk