Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2022

Raknestunet- litt om leirstaden og leirar på 60-talet.

Bilde
Raknestunet ligg på Osterøy, idyllisk innst i Raknesvågen. Du kjem dit med buss, eller med småbåt frå andre sida av fjorden.  På nettsida deira står det : Til no har møtesal, matsal, peisestove og aktivitetsrom vore samla på ein stad, saman med kiosk og internat. Det er 22 rom, og eigne bad. Det er plass til 5 på romma. Bygget ligg fint til ved ein våg. Eigen kai, eige naust med båt og kanoar. Tarzanløype, badestrand, trampoline og plass for ballspel. Raknestunet vert dette året renovert, og sett i stand til å  møte nye generasjonar barn og unge.  Korleis det går til, kan du lese på Facebooksida  (5) RAKNESTUNET NEDOPP | Facebook Raknestunet slik eg hugsar det, stod ferdig i 1965. Det var ei storsatsing  frå Nordhordland indremisjon, der dei satsa på ein leirstad for heile krinsen. Før hadde leirane vore haldne kring om i bygdene, med møtene på eit bedehus og innkvartering rundt om i heimane. Søskenbarnet mitt, ho Oddveig var med på slike leirar, og kom att og fortalde både om overnatt

Yngresleiar

Bilde
Så var eg blitt leiar i yngres. Det hadde seg slik at lærarvikaren Johanna  reiste vidare etter sine to år på Leiknes, og då var plutseleg  yngres også utan leiar. Det var ikkje mange å ta av, og assosiert medarbeidar Britt rykte opp, med  Magne Angelskår som  hjelpemann.  Yngres var ungdomsarbeidet i indremisjonen  då eg var ung. Det var for dei i alderen 12-16-17, og hadde eit litt lettare form, med leikar, opplesing, tale og song.  Det er vel litt likt det som i dag heiter Tweens.  Lite hadde eg greia på det eg gjekk til, og i byrjinga var det  mykje leikar og konkurransar. Stemninga vart ofte høg, uroa like så, men roa senka seg til den 10 minuttar lange andakten eg held. Me hadde eigne songbøker til yngres,. eit lite hefte med raudt omslag, men kva det heitte er ute av minnet no. Songar var eg ikkje, men så vidt eg hugsa kunne Magne ta opp tonen, så vi song det vi var gode for.  Vi heldt til i veslesalen i bedehuset, og han måtte varmast opp. Eg kom heim laurdag ettermiddag , for