Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2019

Heil og rein

Bilde
Du skulle vera rein når du gjekk nokon stad. Leiken kunne gå, og du var både i sanddungen, klatra i tre og åla  deg gjennom graset. Men skulle du å handle, til dampen, på skulen eller kor som helst utanfor heimen, var parolen: rein i ansiktet, rein på hendene og rein i kleda. Når vi kom inn til måls, måtte me på badet og vaske hendene. Me var ikkje store før me lærte at rein, det var å vaske hendene både i håndloven og på ryggen. Kom me til bords, og ei lita skiten hand strekte seg etter fisken eller flatbrødet, så var det marsj ut på badet og vaske seg med såpe og vatn. Far hadde arbeid som gjorde at han var skiten på hendene, skiten i ansiktet og på kleda. Han bytte ikkje før han kom til bords, men tok av seg kjeledressen, og vaska seg ein kattevask. Men han sleit med å bli rein på hendene, og skulle han ut på noko særs, så var det brukt både såpe, terpentin og andre hjelpemiddel for å få bort arbeidsfargen frå hendene. Mor og far fekk nesten andenaud då den nye moten kom

Å lese en bok for første gang er som å finne en ny venn; å lese den for annen gang er som å gjense en gammel venn.

Bilde
Som barn var eg glad i å lese. Då eg hadde knekt lesekoden, varde det ikkje lenge før lesing var den kjekaste sysla eg hadde, og mange er forteljingane om ho Britt som måtte ha med seg innhaldet  Donald, Hjemmet og Norsk Ukeblad i dei heimane ho besøkte, samsundes som ho leika. Eg valde ofte rolege rollar for å få tid til å sluke litt lesnad. Bøker var og viktige, men dei såg annsleis ut enn i dag. Forsida hadde fargar, men det var sjeldan fargebilete inni. Anten var det svart/ kvite strekteikningar, eller fotografi utan fargar. Du måtte la fantasien råde medan du las. Skulebiblioteket var plassert på det kombinerte lærarrommet og lageret. Nokre hyller med skjønnlitteratur og ein del faktabøker var plassert på eine veggen. Utlånsdag var ein gong i veka, men ikkje reint sjeldan maste me oss til å få låna ekstra. På våren var det innkjøpsdag for biblioteket, og læraren sytte for at dei nokre bevilga kronene frå kommunen rakk lengst mogeleg. Norsk barneblad gav i den tid ut fø

Kua er ikkje som andre dyr

Bilde
- Dei har so fele tunger! Veslejenta med det raude håret stod under køyrebrua ved inngangen til fjøset.  Mor hennar skulle ta fjøset for mor si. Det var ikkje ofte det hende, men nettopp denne kvelden skulle mor gjera det ho hadde gjort så mange gonger i oppveksten: Stia i fjøset. Men aberet var at ho hadde ei lita jente som slett ikkje likte seg i det vesle mørke fjøset, som var lite. Stod du på forgangen måtte du rekna med at ei lang kutunge sleikte etter deg, og stod du bak kua, var mesteparten møkkarenne, og du  måtte du passe deg. Letta ei ku på rova, kunne erfarne sjå det å trekkje seg unna, slik at dei ikkje fekk skit eller urin på seg. Men eg var korkje røynd eller hadde vore i fjøset før, så dette var skremande.Kyrne rauta, dei slende med hovudet, så det var eit øredøyvande leven i det vesle  mørke rommet.  Fjøset var som fjøs flest like etter krigen, murd opp av stein, med eit lite vindauge som slept inn dimt dagslys, og ei lyspære som dingla i taket og gav eit ljossken

Trygg på skrivespråket

Bilde
Ei gamal norskbok skaper minner Eg sit her med ei gamal norskbok for 4. og 5. klasse . Ho er lita og ubetydeleg på utsida,og omslaget er borte.  Ho er berre 83 sider. Illustrasjonane er svart/ kvit , og ingen av dei er på meir enn ei halv side. Men for ei bok! Det er   Norskbok for folkeskulen  av Henrik Søreide, som kom ut i 1953.  Når eg ser på oppgåvene i dag, verkar dei avanserte. Lærde eg alt dette om det nynorske språket allereie som 12-åring? Ikkje alle studentar kan alt dette om nynorsk i dag, og slett ikkje i Hedmark, der eg no bur. Som lærar undrar eg meg over at vi lærde så grundig og så avansert om språket så tidleg!   På s. 60 står det til dømes om lang og stutt å-lyd. Deretter er det substantiv med lyden til innøving, og verb og adjektiv, som  skal gradbøyast.  Deretter var det vidare til arbeid med neste lydar : kj og ki- ky - kei- køy. Me skreiv orda, brukte dei i småstykke, og resultatet var at me lærde og vart trygge på skriftspråket vårt. Når me hadde