Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2018

Barndommens nytevekster

Bilde
Eg har alltid vore glad i blomar. Nabokona fortalde om at då eg var liten plukka eg blomar, og framtidsyrket mitt var ei tid å bli gartnar. Dei første blomane om våren var kvitveis, som vi plukka og sette i eggeglas. Vi visste tidleg at han var giftig, og at han ikkje måtte forvekslast med gauksyre, den vesle blomen med blålilla striper , som kom litt seinare. Han vaks på skrinn jord, ofte under grantre. Me åt han, både blome og blad. Det smaka fortreffeleg! Jordneter, som og kom litt seinare, gjekk og fint an å ete. Me grov opp dei små knollane med hendene eller det me hadde for handa, tørka av skiten, skrella av skalet og åt. Litt nøttesmak, men mest åt me fordi det høyrde årstida til. Markjordbær var små, søte og gode. Det hende vi tredde dei på strå og åt dei etterat vi kom heim. Me kunne og laga syltetøy nok til 2-3 brødskiver, og då smaka nonsmaten ekstra godt!  Men aller helst åt vi jordbæra der vi fann dei, som eit lite kosttilskot i kvardagen. Syrstilk var og god

Tilbakeblikk

Bilde
Av og til må ein gå ut over sine fysiske minne, og skrive om den tida som var før. Eg undrast:korleis såg det ut i Dalebygden for lenge, lenge sidan? Når det ikkje var veg, berre stigar og hestevegar mellom gardane? Når dei hadde klyngetun ? Når dei brukte robåt og rodde fjorden for å kome seg til Bergen og til kyrkja på Hamre? I Strilesoga står det at i vikingtida var det ein stor gard som heitte Leiknes. I  mellomalderen vart han delt i  3 gardar: Øvstegard, Midtgard og Leiknes, den nederste kalla dei  Nergard. Dei nemner og at etter Svartedauden var det berre. to gardar. Øvstegard var øydegard. Det same var Hodnesdal, Sjauset,Haukås og Sætre, medan det budde folk på Mundal og Hopsdal. For å kome seg ut av bygda brukte ein robåt, og rodde både innover og utover fjorden, eller til Bergen. Folk var med på fiske, eller ein gjekk markavegen til Nepstad, over fjellet til Seim, eller over Hodnesdalen og Soddalskaret og brukte kongevegen til Seim, etterat han kom, rundt 1600-talet.

Onkel Ingebjørn - ein grunder i Eikangervåg etter krigen.

Bilde
Han var tredjemann i barneflokken hans bestefar på Hjelmås. Under mykje av krigen  budde han  i 2. etasje hjå bestefar saman med kona si. Han dreiv med  illegalt arbeid siste del av krigen,  med våpensmugling, og måtte gå i dekning etterat tyskarane hadde ein razzia ute  Øygarden. Først låg han  i ei koje i Eikangermarka, før han drog nordover, og  innover til Matrefjella, og slutta seg til Bjørn West. Kona hans hadde fødd ei jente i desember 1944,  og vart åleine med ansvaret for ei nyfødt dotter, men ho hadde nok  i ein del hjelp frå storfamilien ho var ein del av. Ingebjørn var blant dei som kom utover med Hosanger 1 frigjeringsddagen, og tok del i vakthaldet våren  1945. Han starta opp med fiskematproduksjon på garden til broren i Eikangervåg, og dei yngste brørne selde på dørene heime på Hjelmås, og han selde og  til butikkane på Kløve og i Eikangervåg. Så bygde  han  hus, og busette seg ved den vesle elva som rann ut frå Eikangervatnet. Kona hans, ho Ingeborg, døydde tidle

Vårblomar og kusymre på Myraåsen

Bilde
Dei lyste gulgule mot deg. Kusymrene fann du på Myraåsen, ein ås mellom Dalebygden og Hillesvåg. No går E39 som over Myramarka, og deler henne, men da eg var ung, gjekk du gjennom denne marka, tok til høgre etter ei stund, og fylgde ein stig etter myrkanten, før du byrja oppstiginga til sjølve åsen.  Trea var store, og det var onnesolt første delen oppover mot toppen. Stigen var ikkje mykje brukt i mi tid heller, så du måtte skreve over nedfall og smøyge deg ved nokre forvoksne brakar. Når du kom nesten opp, og gjekk over rindane, såg du ut over Dalebygden, nedover mot Leite og oppover mot Øvstegarden.Det var så befriande å kome opp i høgda. Du såg dyr som beita, folk som arbeidde, bedehuset, skulen , vegane, og Lone med litt av Piparvatnet. Men dei var langt borte, og du var åleine på toppen. På , høgre sida  hadde du og utsikt over Hillesvåg og Hedlesneset Du såg berre fyrstikkmenneska langt borte, høyrde ei og anna bjølle som singla, og såg ned på eit roleg myrdelta.