Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2020

Minner om tante Magny på Os

Bilde
Tante Magny var eldste syster til far,  født i 1913.  Ho vart att på Eikanger for å fullføra folkeskulen då resten av familien flytta til Hakset og seinare til Hjelmås.  Etterpå bar det vel ut i teneste, og etterkvart møtte ho Roll Østrem og dei gifte seg i 1937 (?), og  budde  på Os. Men ein del av krigen budde Magny på Eikanger, truleg hjå onkel Eivind, og Irene er fødd der. Seinare slo dei seg ned på eit småbruk på Kuventræ på Os. Der hadde  tante og onkel  hadde ei eller fleire  kyr, høner og nokre sauer. Det var utedo, og ein stor bærhage utanfor huset. Men Roll arbeidde heile tida på møbelfabrikken til Bahus, og tante hadde delvis reingjering og hushjelpoppgåver . Eg trur det var hjå direktør Bahus, men det er eg ikkje sikker på. Frå Bahus sin kolleksjon Huset deira var spanande, med påbygg, og ulik høgd mellom dei ulike delane. Det var nesten ein labyrint å finna fram der.  Far besøkte dei av og til, men den tida var det langt frå Leiknes til Os, så det var ikkje oft

Minner om onkel Eivind på Eikong.

Bilde
Han var fødd på  Eikanger  i 1912, og var eldste son til Petter og Brita Hagesæter. Petter hadde garden dei første åra, men då Brita døydde, tok far hennar garden att på odel, og Petter, ungane  og den nye kona hans, Åsa, flytte til Hjelmås. Då hadde Eivind allereide starta i smedlære i Hordasmia  13-år gamal , og reiste så  til sjøs som 16-åring for å tene seg opp pengar for å utdanne seg som maskinist.  Det tok lengre tid enn han rekna med å spare opp pengane, men han fekk utdanninga  og reiste til sjøs nokre år.  Seinare tok han garden på Eikanger att på odel og tok til  som bonde i 1943. Garden var då reinska for buskap, reiskap og inventar, utanom nokre himmelsenger på eine lemmen.  Dette fortel   Kari Hagesæter Eidsheim, dotter hans i boka " Slekta etter Petter Martin Hagesæter" Så onkel måtte byggja opp att garden, både med dyr, reidskap og møblar. Han fekk nok litt hjelp av far sin, men stort sett var det insatsen til han og kona  som litt etter litt skapte heim