Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2020

Håkonarhaugen

Bilde
Tusenårsstaden i Lindås kommune Året er 1961. Eg hadde begynt på Nordhordland kommunale realskule, avdeling Alversund hausten før, og hadde Alf Skodvin i historie.  Denne våren var det  ei begivenheit på Seim som var for heile Nordhordland. Det var 1000 år sidan Håkon den gode vart gravlagd på Seim, og gravstaden hans var då bygd oppatt, og høgtideleg opna av Kong Olav.  Vi hadde repetert soga om Håkon, som vi sjølvsagt kunne frå før. Noreg var eit ungt land, med berre sjølvstende i 55 år, og 5 av dei under okkupasjon under Tyskland, Vi kunne Noregshistoria vår, var stolt av det norske, og kunne Snorre sine forteljingar om dei norske kongane i middelalderen. Om Håkon den gode heitte det at han var kristen, men lukkast ikkje å inføre kristendommen i Noreg, Derimot lukkast han med å innføre leidang, ei slags sjømilitær verneplikt, og med å organisere rettsystemet i større einingar, i lagting. Han blir skildra som ein fager og venesæl mann, stor som idrettsmann og krigar, og

Barnedåp.

Bilde
                                          Utanfor Hamre kyrkje etter dåpen min.Mor, far og eg Sidan eg nett har vore i barnedåp, kan det høve med eit attersyn på barnedåpen, slik eg opplevde han på 50-talet. På 50-talet var lokalsamfunnet nokså homogent, og dei fleste døypte ungane sine, sjølv om dei hadde eit distanset høve til kyrkje og bedehus i kvardagen.  - Ungane skulle ikkje vekse opp som heidningar! På skulen lærte vi om barnedåp, alle skulle døypast, det var slik det skulle vera. Dåpen var eit sakrament der Gud møtte dåpsbarnet og gav det sin nåde og fødde det på nytt. Luthers katekisme var enkel og klar.   Dersom det var fare for at barnet kunne døy, vart det hadde ein  heimedåp like etter at barnet var fødd. Kven som helst kunne utføre denne, og ritualet stod bak i salmeboka. Enno på mi tid var det snakka om at udøypte born kunne gå fortapt Dåpen var ei gåve alle skulle få og ta imot, medan pinsevennene meinte at dåpen var for dei som trudde, og såleis ei vedkjenni