Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2017

Pirqueprøve og helsekontroll

Bilde
Vi dreiv og øste kvarandre opp - Det gjer ikkje vondt, - Jau, det gjer det! Vi skulle ta pirquetprøve, påbudt med lov for alle skulebarn. Tuberkulosen, som hadde herja i mellomkrigstida var på hell, men alle skuleungar skulle framleis ha dei to rispa i venstre arm , for å sjå om ein hadde smitte eller ikkje. Ein skrapte 1 cm lange streker  i huda på underarmen, og tuberkulin (et ekstrakt fra tuberkelbakterien) vart  dryppa på. Prøven vart lest av etter 48 timer. Då vart rispa målt med linjal, og var dei mindre enn 4cm, var prøven negativ, og du var tuberkulosefri. Nokre av gutungane tøffa seg, og prøvde å få merkene større, men dei lukkast ikkje. Me jentene okka oss: - At dei torde! Det kunne jo vera farleg! Då eg var 12-13, tok me BCGvaksine, som og var påbode med lov. Det var rekna som litt fårleg, og me vart instruerte om at ein kunne få biverknader av sprøyta, som feber, hovudverk og kvalme. Å ta sprøyte var ikkje kvardagskost, så me fortalde kvarandre skrekkhistorier om

Søndagsskole

Bilde
Vi hadde to sundagsskular i bygda. Den eine var i øvre bedhuset, som indremisjonen eigde, og den andre var i nedre bedehuset, som pinsevennene hadde. Dei fordelte søndagane seg i mellom, så ein sundag var det skule i øvre bedehuset, neste i nedre. Å gå på søndagsskule var nesten obligatorisk, og etter kvart som søsken vart 3-4 år, var dei med. Når frukosten var fortært,  var det på med yttertøyet, og oppover mot bedehuset. Vi venta til det vart opplåst, og så var det inn i veslesalen. 7-8 benker, dei fleste med ryggstø, stod vent mot ein talarstol. Det stod vel eit orgel der, men elles var det ikkje bilete på veggen, så vidt eg hugsar. Me hadde to lærarar, begge bønder., så det hende dei var seine, om dei hadde kyr som kalva eller sauer som flaug ut- Men ingen av oss hadde klokke, så vi venta til dei kom. Vi brukte Barnesangboken, og einkvar song med sitt nebb. Ein av lærarane innleia, vi song, og den andre hadde hovedtalen. Jesus som den gode hyrden var eit hovudtema, og eg tr

Dei i Myrane.

Bilde
Mellom Leiknesgardane og Øvstegarden låg Midtgård, eller Miggarden, som me sa, 3 små bruk med nokre kuer, sau , gris, høner og hest på kvar gard.  Myrane var ein av desse gardane, og der budde 3 ugifte sysken, som saman stellte den delvis flate, men likevel forholdsvis tungdrivne garden. På folkemunne vart dei ofte omtala som: - Dei i Myrane. Myrane eigde Lona, myrområdet der den vesle bekken rann stilt, der det var oter og selsnepe, og ei lita steinbru over bekken. Dei hadde Myraåsen der du fann kusymre, den vesle gule blomen som på Vestlandet var eit umiskjenneleg våprteikn, og der du kunne sjå vidt utover Dalebygda, Hillesvåg, Hjelmås og Fyllingsnes, og litt av Osterfjorden.  Dessutan var Myramarka deira, med hestevegen mellom Hillesvåg og Dalebygden, og skuleveg for mange av oss. Fjøset deira var for det meste var av stein, og ofte dreiv dei fjøset når me kom forbi og skulle på skulen. Dei var barnevennlege, og gav seg tid til å snakke med oss når dei tømde opp mjølk eller sk