Den tid hoggormen var fredlaus
Det var den tida då folk ennå trudde at kultur betydde kultivering, at sivilisasjon betydde utrydding av rovdyr, og ormen kraup på jorda som straff frå Gud. I 4. klasse lærde eg å forsvare meg mot hoggorm i natufagstimen, og læraren teikna på tavla og illustrerte - Når hoggormen kjem krypande, skal du slå han i hjel. Du kan bruke ein stav, men det sikraste for ungar er å bruke to steinar. Den første kastar du på ryggen hans, for då kan han ikkje reise seg og bite, og den andre kastar du på hovudet, og då er han daud. Deretter sparkar du han utfor vegen, og er det ei maurtue i nærleiken kan du bere han på ein staur, og legge han dit. Han teikna både steinar og orm, så lærdommen sat. Sumaren var varm og fin, riktig ein sumar for hoggormen. Me hadde flytta til Flossvika sumaren før, og der hadde det vore eine og ur, riktig eit eldorado for giftormar. Far sprengde tomt og rydde land, men det var enno litt eine og urd i utkanten av tomta, og eit steingjerde der beista nok trekte seg