Innlegg

Viser innlegg fra september, 2018

Posthuset

Bilde
Kaien på Leiknes var samlingspunkt. Dampen kom innom 2 gonger for dagen, på veg til å frå Bydn. Her låg meieriet, her låg Handelslaget, du kunne henta store pakker som var ekspedert ombord på dampen, og her låg posthuset. Bryggja var sentrum i bygda, hovednerva i kontakten med omverda, og når du skulle ha varer mjølk og post. Eit lite eitetasjes hus, med post og rikstelefonskilt på utsida. plassert like ovafor kaien og meieriet, med ei lita steintrapp for å kome inn, postkasse på sida til å leggje brev i. Innanfor eit lite avlangt rom, med ein benk plassert på eine langveggen. Ei dør leidde inn til eit rom der det var rikstelefon i eine enden, og postopneri andre. På  kvar side av døra var ei luke med lem, og ei lita hylle. Der kunne du bestille rikstelefon i den eine sida, og hente post i den andre. På kortenden var det to avlukke som du kunnne få/ eller bestille rikstelefonsamtalar til nokon. Posten var open ei stund om formiddagen,( 9-11?) og nokre timar i kveldinga:Var det

Stadnamn.

Bilde
Det var namn på alt, på alle haugar, rindar, dalsøkk, bekkjer og motbakkar. Mor sa eingong at det var viktig med namn på stadane, både for å vite kvar folk arbeidde, kvar ein skulle gå med mat til dei, og for å orientere seg. Mange namn har gått i gløymeboka, og eg skulle få litt backup som eg  ventar på , men trur eg vil skrive det eg hugsar. Storækre, Attleggjæ og Myræ låg på bøen, og alle visste kvar folk skulle når dei gjekk dit.  Hadde du gått gjennom   Trealee  eller Haualet, så visste alle kvar det var. Kveldsturen som gjekk til Storhøyen og Kuhøyen som var mindre høgdedrag,gav god utsikt, og sundagsturen til Myraåsen og Miggarsåsen som var  litt høgare utsynspunkt. I Lonæ gjekk bekken roleg og vida seg ut, og du kunne gå gjennom Myramarkjæ, Kleivamarkkæ, Leiknesmarkjæ for å kome til Hedlesvågen. Utmarkene hadde  namn etter gardane dei høyrde til.  Rinnane var den lange åsryggen som gjekk mellom Dalebygden og Mundal/ Hopsdal, og det fanns fleire stigar dit. Fra Dalebygdæ

Inneleik på lemmen

På regnversdagar fekk me vera inne, og rolleleiken kunne gå høglydd på lemmen. Eg var sjølskriven leiar, og delte ut rollar anten det var mor, far barn eller vi leika skule. Vi song, hadde bibelhistorie, skriving og lesing. teikna og hadde friminutt. Læraren var streng, og slo strengt ned på avvik. Det hende ikkje sjeldan at elevtalet skrumpa litt undervegs, og at nokre tok vegen ned trappa i stille opposisjon og fann seg anna å gjera i nede i stova. Andre for i skrikande protest, og mor megla som regel på fylgjande måte- Du får gje deg, du som er eldst!  Så var den autoritære læraren degradert, og måtte kjempe for å etablere ny kustus. Når vi leika mor , far og barn var mor alltid heime. Far drog på arbeid på utelemmen, som dei første åra  var stor, ettersom det var tre rom som ikkje var gjort i stand. Ungane vart fordelt på mor og far, der nokre var med på arbeid, medan andre passa ungar ( dokker, ), eller gjekk og  handla. Havregryn og rosiner frå kjøkkenet fann vegen opp på lemme

Martha Hagesæter

Bilde
Det er med litt beven eg skriv dette innlegget, for det er ikkje lett å skrive om ei du har levd så nær. Men så er det blogg, mitt subjektive minne om mor mi, slik eg hugsar det. Ho fortener litt meir omtale. Mor hadde altså vorte Martha Hagesæter, og budde i eit nytt hus i Lunddalen på Leiknes, med god utsikt over Leiknesdalen. Ho var heimeverande, men sydde for folk den første tida ho var gift. Far prøvde å arbeide opp eit firma som dreiv med å skyte og bore husagrunnar, kjelder og etterkvart vegstubbar, og var såleis mykje borte. Han var driftig og flink, og fekk mykje arbeid, og framgang. Etterkvart som borna kom, vart det meir barnestell og husarbeid på ho Martha. Ho fekk fire jenter medan dei budde i Lunddalen, og det vart mykje å gjere, med stell, pass, matlaging, klesvask og handling. Ho sørgde også alltid for at me var fint kledd, og sydde mykje av tøyet vårt. Når ho reiste til Bergen, var ho alltid innom Kløverhuset og Sundt for å kjøpe tøy, og på Knappehuset for å kjø