Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2020

"Såpe og vann og sunn fornuft er de beste desinfeksjonsmidler. " William Osler

Bilde
Det er barnelærdom at  doktor Semmelweis oppdaga kva det betydde å vaske hender.. Han fekk lækjarane, (som var menn) til å vaske hender og dermed gjekk dødeligheten på barselavdelingane dei hadde ansvar for ned til samme nivå som der jordmødre tok seg av dei fødande. Arbeidet til  Semmelweis vart  publisert i 1861, men fekk ikke betydning før på    utvikling av bakteriologien før på  1870-tallet.  Nå heiter det i ei lærebok om hygiene:  "Vask hendene er den viktigste regelen for å observere renslighet. Våre hender blir utsatt for mer smuss, bakterier og bakterier enn noen annen del av kroppen vår, og de berører nesten alt som kommer inn og på kroppene våre. De bærer millioner av mikrober og kan passere infeksjoner, sykdom og sykdom til og fra andre. Fullstendig vaske hele hånden og neglene med såpe, etterfulgt av grundig skylling og tørking med en håndtørker eller rent håndkle, kan forhindre spredning av mikrober.  "  Coronaepidemien gjorde gamle kunster nødvend

17.mai på 50-talet.

Bilde
17. mai var alltid ein merkedag, ein dag me ungane gledde oss til i lange tider. Vi førebudde dagenpå skulen. Vi song 17.maisalmar og -songar, og kunne dei fleste til den store dagen.  Litt etter klassetrinn fekk vi dei ulike historiane, frå Henrik Wergeland som stifta dagen og " Vi ere en nasjon vi med, vi små en alen lange", til Eidsvollsmennene og utdrag av grunnlova.  Vi fekk historia om 1905 og unionsoppløysinga , og ikkje minst om dei 5 forferdelege åra vi hadde vore under "tysjen". Tenk at nokon kunne innta eit fredeleg land, og øydelegge fridommen vår! Vi var barnleg indignert over okkupasjonen, over dei drepne motstandmennene, Telåvåg og Finnmark, matmangel og sukkermangel. Dagen før dagen marsjerte me i vegen, og flaggberaren, faneberaren  og medhjelparane fekk sine instruksjonar. I toget skulle me gå to og to, halde avstand, og ikkje minst halde vårt eige flagg høgt. Å subbe det i grusen var ikkje god folkeskikk. Heller ikkje å springe  ut og inn i

Bestefar Ragnvald Leiknes

Bilde
Eg skulle lenge ha skrive om bestefaren min frå  Leiknes. Men eg kjende han ikkje så godt. Han var ein fjern person for meg.  Han var yngste son til Andreas Leiknes, og skulle såleis ikkje arva jorda. Fødd i 1902, og med 8 søsken som var eldre enn seg, var det lite sannsynleg at han skulle verta gardbrukar.  Men dette var i byrjinga av 1900, og det var lite å ta seg til innover bygdene i Osterfjorden. Amerika lokka, og 7 av dei eldre søskena hans bestefar drog dit for å skapa seg ei betre framtid.   Då dei vel var komne dit, og etablert seg, tok dei 6 sønene til  å tenkje på sin gamle far, som sat at på Leiknesjorda. Dei sa fra seg odelen, og meir eller mindre tvinga bestefar til å ta over heimejorda. Han hadde etablert seg i Bergen, og arbeidde som forskalingsnekkar , medan han og bestemor levde i ei kjellarleilighet med etterkvart 3  ungar.  Forpliktinga til slekt og jord var stor, så bestefar tok over jorda. Samtidig tok oldefar kår, som var den tida si alderdomsforsikring. Han skul

Kvar vart det av jula? Gjensyn med ei lita bok av Rasmus Løland

Bilde
     Eg ryddar framleis i gamle bpker:  Vesle Hallvard hadde så store forventningar til jula. Storebror skulle kome heim frå landbruksskulen, Hallvard var lova julegåve, og han hadde slett ikkje tenkt å vere anna enn snill gut i denne søte juletida. Men var det ikkje som utgjort! Det byrja med ein liten ulydnad, men det drog etter seg så mykje leitt: Hallvard kunne ikkje forstå etterpå korleis det heile gjekk til.  Dette er innleinga på boka eg vil skrive om i dag.  Ingen kan vel skildra barns tankar og kjensler slik som Rasmus Løland- han er og blir meisteren. " Kvar vart det av Jula?" kom første gongen ut i 1894, og dette er den sjette utgåva.  Så det er tydeleg at boka vart lesen i nesten hundre år. Men kva er det som går så gale? Jau storebror har lova veslebrørne ei julegåve, kvar sin tinnsoldat. Julefta vert Hallvard åleine inne, og blir så fortærande ivrig for å sjå julegåva si. Kista til broren står i gangen, alle er i fjøset, så han tar ein liten gløtt nedi kista, fi

Ein ven frå bokhylla: Heidi.

Bilde
                                                             Det hender det er minnetørke. Ikkje så rart. Eg har skrive 227 innlegg på bloggen, og det er  mykje på eit så snevert område som eg hentar tilfang frå. No driv eg og ryddar i bøker, tek vare på og kastar. Bøker er vener, og av og til er det særs koselege attersyn.  Her er ei av dei eg las som barn. Eg minnes også at læraren vår, Andreas Midtgård las henne som fortsettelsesforteljing på slutten av dagen. Truleg var det i 4. klasse., og eg lånte ho i alle fall 2-3  gonger etterpå, medan eg gjekk i storskulen. Ei god bok kunne ikkje lesast for ofte!  Heidi var opphavleg skrive i 1880,av Johanna Spyri  frå Sveits.  Det handlar om ei lita jente som vert sett bort til bestefar sin. Han har flytt frå bygda, og bur i ei hytte langt til fjells. Han er einsam, uvenleg og nesten mannvond. Han og Heidi finn kvarandre imidlertid, og ho veks opp i saman med bestefaren i einsemda, ho steller geitene saman med han,