Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2019

- Om litt er kaffen klar.

Bilde
Kjem dei ikke med fløyten snart? Eg var på julefest på ungdomshuset, og under matserveringa varde det og rakk før fløytemugga kom på bordet . Så drakk eg kaffien svart for første gong.Han smaka ikke så verst, så etter det har eg drukke kaffien svart i nesten 60 år. No brukar eg vanlegvis ikkje meir enn 3-5 koppar for dagen, noko som er godt innafor normalen. Unntaket har vore når eg skulle halda meg vaken, eller lese til eksamen.  Kor som er, eg har som dei fleste andre med  forbruket mitt, fått i meg 60 % av antioksydantane eg treng gjennom kaffikoppen. Ekspertane seier at det har hundra betennelsar og innflamasjon i kroppen.  Så no veit vi det! Kaffien me brukte då eg var liten, var sjølvsagt kokekaffi, grovmalen kaffi som høvde til å ha i det kokande vatnet, og så la han trekke nokre minuttar slik at gruten sokk til botnar før ein drakk av han.  Bestemor hadde kaffikvern der ho mala kaffien, og for oss ungane var det moro å prøve å dra sveiva rundt, og å kjenne den g

Avleggarar

Bilde
Ein avleggar kunne vere avkommmet, ungen, barnet, etterkommar, poden eller gutten. Det kunne være babyen, gullungen, nurket, familerforøkelsen, ein venta eller  tenåringen .  Ja, ein avleggar var så mangt.. Eg skal skrive litt om avleggarane som me sette i vindaugskarmen for å pynte opp stua, særleg om vinteren. For det var sjeldan ein kjøpte blomar.  Det fanns vel ikkje gartneri før ein nærma seg bydn, og planteskule var det vel heller ikkje i bygdene på nordsida av Osterfjorden, det eg veit. Dei selde plantar på torget og i blomsterforretningar, men for oss på landsbygda var det sjeldan me var innom desse. Men bestemor fekk blomar på 50-årsdagen, for då hugsar eg det stod fleire store blå og kvite hortensiar i stova hennar, som ho hadde fått i gåve. Me ungane syntes dei var vakre og uvanlege. Skulle du ha deg potteplantar, var den vanlegaste måten å skaffe seg dei på  å ta avleggarar. Dei skulle du helst ta når ingen såg, for då vaks dei best, sa mor. Men eg veit ikkje ann

Sidl å pote

Bilde
Vi likte at det kom sild på bordet på vinteren. Vel var det mykje bein,  noko som vi ungane syntes var noko herk, men vi lærde oss fort å reinska bort det grøvste, og svelgde resten. Ingen mukka fordi det var sild på bordet. Det var sundt og godt! Vi lærde det på skulen, om korleis sild og pote hadde vore sikringskost i dei harde 30-åra. Dei svalt ikkje, som hadde ei tønna spekesild i kjellaren og ein potetåker attåt. Vi hadde sild på bordet gjennom heile året. Men det var noko spesielt med storsilda, som kom inn kom inn til norskekysten for å gyta på ettervinteren. Då var sildefisket i gang etter heile kysten.  Fleire skøyter frå Hjelmås og Leiknes var med på sildefisket på 50- talet, og kunne gjera det godt i gode år. Dei kom heim att, og mannskapet hadde fenge god lott. Dei var lenge borte, og vi ungane syntes det var eksotisk.  Melding om fiske, dei obligatoriske 5 minuttane om fiske og fangst sende NRK kvar dag, og den monotone røysta messa fram kor mykje som var

Kranselag

Bilde
  Når nyhuset var under tett tak var det vanleg med kranselag.   Då me bygde på Flossvik, og taket var kome på bygget,  sette dei opp ei busk i mønet på huset.  Byggjarane venta seg då ei påskjønning, ofte dram eller eit måltid mat. Kva far gjorde veit eg ikkje, men eg trur han betalte arbeidarane litt ekstra, for mor hadde lite barn, og hadde ikkje tid til så mykje utanom.dagleg stell.  .  Men eg veit dei vaksne snakka om at kristne og avhaldsfolk hadde problemer med kranseskåla.  Nokre betalte seg ut, eller spanderte rømmegraut på arbeidarane i staden., slik at dei skulle vera nøgde. Som takk kom det opp ein krans eller eit norsk flagg på mønet. Rett som det var når eg var ute og køyrde, såg eg  flagg på nybygg som hadde kome under tak. Men det hende og at gnitne folk forsøkte å unngå kranselaget. Arbeidsfolket syntest det var snipleg at ikkje arbeidet deira vart sett pris på. Dei hengde dåopp ein fillemann på mønet, til spott og spe for byggherren.  I dag er