Innlegg

Viser innlegg fra august, 2020

Naustkleiva, vegen til Dalebygdsenteret.

Bilde
I dag skal vi ta oss ein tur til senteret i Dalebygden, slik det var like etter krigen. Men først litt bakgrunnstoff:   Vestlandet er bratt. Det er mange ord for bakkar og haugar, og her ein dag tenkte eg på forskjellen på brekke og kleiv. For me hadde båe på den vesle heimstaden min. Det var Apalbrekka og Hodnesdalsbrekka, Midgards- og Hopsdalsbrekka.. Det skal kome frå ordet bratt, og det var bratt å gå opp alle dei. Men så hadde me Naustkleiva, garden Kleiva og Kleivdal.. I følge Svein Børtveit er det ein stupbratt skrent der ein måtte klyva for å kome opp.  Ser vi nøgnare på Naustkleiva, ligg dei 4-5 nausta lunt til i ei lita vik, men det er bratt opp, om ikkje ein hadde hatt vegen der. Så ein må forestille seg at før dampbåten og kaien kom, ein gong midt på 1800-tallet, så måtte ein nærast klyve for å kome til og frå nausta.  Men nausta var viktige, for skulle ein ut av bygda, var det lettast å bruke båt. Kommunesetereret låg på Valstrand, kyrkja  på Hamre og Bergen var byen ein r

Husgeråd.

Bilde
 Det ligna dette, men blåare og mindre roser Mor og far gifta seg i krigens siste dagar. Det var mangel på det meste, og ein av dei ting det var mangel på, var koppar, kar og bestikk. Dei fekk kjøpe 2 koppar, asjett, tefat , djupe og flate tallerkar, ditto bestikk på rasjoneringskort sidan dei skulle gifte seg, etter det eg har høyrt.  Dei var kvite, med blå rand rundt. Eg hugsar dei frå tidleg barndom.Litt utstyr fekk  dei i gåve frå slekt og vener, helst dei eldre som hadde samla før krigen, men det var ikkje mykje i kjøkkenskapa heime den første tida eg  minnes.  Mor hadde eit stort brunt steinfat  og ei blågrå krukke,  og kasserollane var av aluminium, og slett ikkje tjukkbotna.  Men ei av kasserollane var stor, og vart brukt til å varme vatn i.  Litt husgeråd Me måtte  vera varsame, både når me sat med bordet, og når hjelpte til med å bære på og av bordet.  Oppvasken fekk me først vera med å turka, seinare vaske opp. Formaninga var den same:- Ver forsiktig! For gjekk noko i knas,