Is til ishuset på meieriet
Denne historia er frå før krigen, men mor fortalde ho,og den er vel verd å skrive om. Bøndene i Dalebygden, på Hopsdal og Mundal hadde andelsmeieri, og i riktig gamle dagar, før krigen, brukte dei is til å kjøle ned mjølka med på meieriet om sumaren. Det gjekk ein liten bekk eller elv gjennom Leiknesdalen. og i utmarka til oldefaren min låg det ei stemma eller demning av stein der det så samla seg vatn som fraus til is om vinteren.. Men oldefar var litt vanskeleg å ha med å gjere, og ville ha alt etter sitt hovud, så dei andre bøndene vart einige om å laga ei ny stemme i Tongamarka, nedanfor utmarka til bestefar. Dei bygde den av stein, som vanleg var, med luke til å opne slik at vatnet kunne renne fritt når det ikkje var bruk for å demme det opp til seinare is. Når vinteren kom, og isen hadde lagt seg tjukk ovafor stemma, så vart det kalla inn til dugnad blant bøndene i andelslaget, for då skulle dei skjere, frakte og lagre is. Bestefar og andre som arbeidde borte i vekene,