Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2021

Torget i Bergen

Bilde
 Torget strekte seg frå Bryggen, eller rettare sakt Rundetårnet, og til litt utpå Strandkaien. Det låg inst i Vågen, slik at ein kunne koma til med robåt. Her stod dei på rekke og rad, fiskehandlarane som og selde hummar, reker og kreps, frukt- og grønnsakhandlararane, blomsterseljarar,  eggseljarar og  seljarar i ulike sesongar, som folk som handla med juletre eller selde frukt og bær.  Det var ei bod eller to der du kunne prøva lykken og kjøpe lodd. Det var også boder der du kunne kjøpe suvenirarar og prospektkort frå Bergen og omegn. . Dei mest avanserte torghandlarane hadde tak eller parasoll over bua si, andre stod under ber himmel. Dei fleste hadde bord, og var det store kremmarar, hadde dei fleire bord, og fleire seljarar. Nokre av fiskehandlarane hadde kummer  med levande fisk, slik at kjøparen kunne velje seg ut maten sin, og få han kappa og innpakka i aviser på direkten.  Hit kom bydamene og strilar på bytur for å handle det dei trong. Seljarane var kjende for å vere rappe i

Eg når målet for ekspedisjonen

Bilde
  Eg måtte vidare. Ein steingard kom i vegen, og den var vrien å forsere, for det var først streng,  og så  piggtråd øverst, for å hindre at sau og ku kom over til naboen. Men det gjekk bra, eg kom meg over. Men det vart  ei lita rift i buksa. Litt må ein ofre på altaret til vitenskapen!  No var lendet meir kupert, og  lia var brattare opp på båe sider. Det var i sanning V-dal, som me hadde lært på skulen. Bekken slynga seg fram, og mange stader var det reine urskogen å kome gjennom, der gamle mosegrodde og halvrotne oldrar  låg i bekkekanten, og av og til over bekken. Det siste måtte då prøvast, og eg balanserte over på stammen, utan å detta uti.  Ein stad kraup eg over den mosegrodde treleggen, held meg fast i dei morkne greinene, og kjende meg som eg dreiv på i regnskogen i Amasonas.  Langt oppe frå lia høyrde eg ungar som leika og lo. Det var spanande å gå nede i dalbotnen og vite at eg høyrde dei, men dei visste ikkje at eg var her nede!  To gaudaskiver var for lite. Eg kjende det

Oppdagaren på tur i Leiknes indre

Bilde
Ei reprise frå 2016:   No skulle det skje! Eg hadde planlagt det lenge, men ikkje fortalt det til nokon, aller minst mor, som hadde ei    velutvikla evne til å forpurre eventyr. Vi hadde nemleg ein bekk på Leiknes. Den strekte seg 2-3 kilometer frå Piparvatnet til Vågen, og gjekk gjennom loner og i botnen av bratte dalsider. Ingen eg kjende hadde gått der, og eg hadde ein ubendig trong til å oppdage dette ukjente territoriet. Vi hadde høyrt på skulen både om Livingstone og Roald Amundsen, så kven visste kva som ville openberre seg i Leiknes indre? I alle fall ikkje eg, før eg hadde sett med eigne auge. Så oppdagaren Britt Hagesæter rusta seg ut med støvlar, kniv og matpakke, og etter at Anny fekk oppdraget å ta middagsoppvasken, noko som ellers kunne utsett heile ekspedisjonen til neste godversdag, så la eg ut på den spanande  ferda. Katten Mons sa farvel midt i Myramarka, og gjekk for å finne mus, så eg måtte ta vegen på oppsida av steinmuren åleine, og fylgja den heilt opp forbi Lonæ

Klippe, klippe, sa kjerringa

Bilde
Mor var praktisk anlagt, og flink med klipping, sying og all slags handarbeid. Det vart etterkvart 4 jenter, seinare ei til, og alle skulle klippast på håret.  Mor likte kortklypt hår, sjølv om mange meinte at jenter skulle ha langt hår og fletter.  Kort var enkelt, lett å halda og floka seg ikkje når ein skulle dra kammen gjennom på morgonen, og dermed slapp heimen unna mykje skrik og uro kvar morgon.  Men ho trudde seg ikkje til å klyppa oss. Truleg sat vi for uroleg under prossessen.  Så der melde ho pass.  Mitt første klippeminne  er at Hjalmar Rognved kom innom for å klippe far, og då tok han Anny og meg i same slengen. Han hadde klippemaskin og saks.  Saksa var kald mot halsen, og me måtte sitja musestille, slik at mannen ikkje klipte feil. Ikkje så lett for ein seksåring.  Frisyren var den tradisjonelle, bolleklipp eller bollesveis , som dei flest ungar hadde på den tida.  Når eg vart eldre, og var med far til byen, og han klipte seg hjå ein herrefrisør på Bryggen, så fekk eg me