Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2018

Likestilling i leikekroken?

Bilde
Du var fødd gut eller jente. Gutane var nok litt meir verd, sjøl om alle som hadde barn sa at alle var like verdifulle, så var det ein del val som var kjønnsbestemte. . Mange gjekk ut i arbeid etter konfirmasjonen, og yrka var kjønnsbestemte. Kvinner kunne ikkje bli prestar, gå inn i det militære og eg veit ikkje om dei var offiserar på båtar. Gutane tok utdanning, og om jentene tok det same, så var den kortare, for dei skulle jo gifte seg likevel.  Kvinnene sitt verde låg i å vere mor og kone, og vere dyktig med det huslege, kunne strikke og sy og ta seg av borna. Men kvinner vart lærarinner, telegrafistinner, sykepleiersker, butikkdamer og arbeidde i industrien. Ofte var det skilnad på yrkestittel, der yrka kvinnene deltok i i hadde kvinnenamn,  og på løn, der kvinner fekk mindre betalt enn menn for same arbeid. Jentet gjekk kledd i skjørt. Dei hadde kåper og huver, vesker og hanskar. Dei mest fremmelige hadde bukser på kvardagane frå midten av 50-talet, men til fest var det sk

Dokker

Bilde
Den første dokka mi sydde mor kroppen til. Ho hadde kjøpt celloidhovud, og armar og bein av det same. Dokka hadde hår som var måla på celloiden, og hadde blå påmåla auge og raud munn. Halsen var også av celloluid, og i han var det hol der hovudet var festa til bolen med sytråd. Ho fekk rikeleg med klede, for mor sydde, hekla  og strikka til henne. Ho hadde kjolar og huver, strikkekjole og huve, labbar og strømpar, ja til og med sko. Far laga seng til henne, og mor sydde sengklede. Senga vart flytta frå soverom, til stova, og var med ute når det var ver til det. Kva ho heitte, hugsa eg ikkje. Truleg skifta ho namn, ettersom vakre namn dukka opp, eller ein kalla opp att betydningsfulle personar. Dokka var viktig i rolleleiken, og når eg fekk veslesyster, vart dokka mi vaska og kledd på, og mata og stellt. Eg var kty av dokka mi, og viste henne fram til alle som kom på besøk. Alle skrytte, utanom nokre ungdommar som ikkje skjøna at dette var verdas 8. underverk. Eg kjenner enno

Livberging , småindustri og meir pengehushald

Bilde
Etter krigen skulle landet gjenreisast. Det gjekk betre, det vart meir mat i butikken, og folk kunne selja den maten dei produserte. Tyskjen skulle ikkje ha noko lenger. Det vart mindre og mindre bruk for rasjoneringskort, og både mat og klede kunne etterkvart kjøpast utan merke. Eg hugsar mor klypte merke, og at gleda var stor når det etterkvart vart slutt på å bruke dei. Naturalhushaldet minka,  og folk kjøpte meir og meir av det dei hadde bruk for. Men til det trongs det pengar. Mange dreiv med attåtnæringar og småindustri for å skaffe seg nokre kroner ekstra. Av og til gav industrien arbeid til fleire, før olja og høge lønningar tok knekken på verksemdene. Eg fekk høyra at Martin på Flossvika og ein til arbeidde tresko i kjellaren vår like etter krigen, og far selde skorne  for dei. Tresko vart nytta når du var ute heime, medan lærsko og gummistøvlar var meir vanleg når du gjekk ut blant folk. Nokre fiska og selde det dei ikkje trong sjølve. Du kunne gå på kaia og kjøpe d

Rikstelefon

Bilde
Det var og rikstelefon i det vesle postbygget. Det var  ein glugge, der du kunne bestelle rikstelefon. Innanfor  var det ein liten sentral, der dei sette samtalane over om ein skulle snakke med nokon, anten i bygda eller den store verda. Hadde du telefon, var det som oftast var fleire på linja, og desse hadde ulike signal, eit langt, eller to lange og ein kort, forat det skulle vera forskjell når dei vart oppringte. Men det hende ein tok av røret, og høyrde andre snakka saman på linja.  Det vart rekna som lite fint å lytte, men særleg dei som delte linje med nysgjerrige, kunne nok koma ut for dette. Vi hadde denne telefonen  Skulle du snakke med nokon frå andre bygder, eller i Bergen, var det omstendeleg. Du ringte og bestillte samtalen på den lokale stasjonen, og dei måtte så ringe til den den stasjonen det galdt, som så måtte ringe opp abbonnenten du skulle snakke med, og så måtte dei vente på linja mens du vart ringt opp att. Men å ringe var dyrt, så du ringte ikkje