Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2020

Kva ser du?

Bilde
 Som barn hadde eg ein livleg fantasi. Eg såg føre meg ting som kunne henda, og fellt mang ei tåre over "kanskjehendingar". Men det var også mykje du kunne sjå av figurar på himmelen, om du låg og såg opp på skyformasjonane og såg dyr og fantasifigurar, landskap og menneske. plutseleg endra dei seg, og høna vart hund, og katten ei løve. I skogen var det mange figurar , der du kunne sjå troll, huldrer og dyrefigurar i tre, på subbar og steinar.  Du kunne bøya deg ned over kloppa og sjå kva som rørde seg i vatnet, og når isen stinkla i pyttane, var det fantastiske landskap.  Denne fantasien har ikkje forlete meg i vaksen alder, og enn på mine gamle dagar tek eg meg i å  sjå figurar og hendingar på himmelen, i marka og i vatnet.   Så i kveld vil eg berre leggje ut nokre bilete, og utfordre deg som les .  Kva ser du? 1  2  3   4   5  6 7 Kva ser du?  Del gjerne.

Makk

Bilde
  - Det kitlar sånn! Far hadde slept ein liten makk oppi handa mi, og krypet låg og vridde seg fram og attende.  Etter litt slepte eg han, og han skunda seg  ned i jordhaugen att.  Seinare, då søskena mine vart større, var det eg som fanga makk og slepte dei oppi hendene deira, slik at dei skulle få oppleva den kriblande kjensla. Det same hende: dei slapp makken nedatt på jorda. Tynn hud er følsom.  Makk fanns det i god jord. Han bearbeidde jorda, laga gangar, og drog lauv og restar av dyr  ned i jorda, åt dei, og skeit ut att fin ferdiglaga jord. Der det var mykje makk, var det mykje gangar i jorda, og derfor god moldjord,   porøs, fin til å plante i, eller å ta inn til blomsterjord. Makk betyr mykje for forråtnelsen, og for å skape god jord. Men skulle du ha jord til plantar inne,måtte  makkane ut, for elles kunne dei ta til å ete på planterøtene, og det var jo ikkje meininga, om ein ville ha frodige plantar i vindauget.  Onkelen min hadde ein spesiell stad nær møtttinga der han fann

Splint

Bilde
Splintebåt.Foto: Karmsund folkemuseum Splint er  sørvestnorsk for tater eller reisende.  Dei kom i båtane sine, låg nokre dagar, og reiste vidare. Men dei la aldri til kai, men held seg i viker og vågar litt utanfor allfarveg.  Det var ikkje ofte det var splint på Leiknes i min barndom. Men når dei kom, låg dei i ei lita vik mellom Leiknes og Flossvik, på Kattevågen. På Hjelmås trur eg dei låg i Sauvågen Sanderen. Eldre splint " i kyststrøkene var veinettet ofte dårlig utbygd til langt ut på 1900- tallet. I tillegg bodde det folk på nesten hver øy og inne i hver fjordarm., og dette gjorde at omreisende ante muligheter for å skaffe seg et brukbart utkomme  ved å ferdes i båt. Langs kysten hadde de lettere adkomst vannveien. Mange steder var båten det eneste fremkomstmiddelet, og båt gav en etterlengtet følelse av frihet. Det var dessuten enklere å stikke til havs hvis det oppstod trøbbel, og ikke minst bød det seg muligheter til å drive matauk gjennom fangst og fiske. Det var i til

Kvar vart det av tida til kontakt med naboen?

Bilde
    -Tidi ho renn som elv imot os. Fort skifter sumar med vetter...(Anders Hovden) Men kva er tid for noko?  Tid betraktes som noe som stadig er i bevegelse og som man stort sett har lite kontroll over. Til forskjell fra de tre romlige dimensjonene kan man ikke bevege seg fritt i tid, men er bundet til å følge tidens «strøm» eller «flyt». Man kan imidlertid stadfeste et tidspunkt med et klokkeslett og/eller en dato. ( wiki) Likevel, eg vågar å påstå at  li vsens elv rann saktare før, og  me hadde betre tid før, og meir tid til menneska omkring seg. Far var ute og køyrde bil, og det var han ofte, på veg til eller frå eit arbeid. Men det hendte ikkje sjeldan at når han såg nokon etter vegen , så stoppa han , og sveiva han ned bilruta og tok ein prat om dette og hint, og kva som hadde hendt sidan sist. Han var glad i menneske, og lika å prata. At han deretter kanhenda arbeidde ein halvtime lenger for å verta ferdig med det han skulle, det var som det skulle vera.. Mor tok seg ein prat med