Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2018

Påske.

Bilde
Mor tok inn bjørk og selje til påske, og sette dei til spiring. Dei  små knoppane spratt ut, og lysegrøne små lauv og pusekattar pynta bordet. Etterkvart hadde vi også gule små kyllingar i riset. Me ungane syntest det var stas med påskepynt. Mor pynta med dukar, ikkje alltid gule eller grøne, men broderte løparar og dukar som signaliserte at no var det helg, ikkje kvardag. Påska var ei kristen høgtid, og sjølve påskedagane var det helg. Men dei fleste arbeidde i den stille veka, og nokre var og på arbeid påskeafta og. Far var sjølstendig næringsdrivande, så det var sjeldan han tok seg fri anna enn helgedagane.  Påskeafta var halv dag, som julafta. Men det måtte arbeidast om det skulle bli inntekt til ein veksande familie! Det var gudsteneste på Hamre 1. påskedag, og det gjekk motorbåt dit. Det var vakkert og samtidig høgtidssamt . Hamrekyrkja med sitt brunbeisa ytre, med restar av mange måla bilete på veggene og innetrebenker. Det var døypefont frå middelalderen, og eit kor me

Ein tur gjennom Mundalsberget på 50-talet.

Bilde
Far var entrepenør. Han dreiv med mange ting, og etterkvart fekk han seg kompressor og boremaskin, og bora kjelder, skaut husagrunnar og på slutten av livet tok han på seg  anleggsoppdrag og laga vegar, mellom anna Sauvågvegen som bind saman Hjelmås og Fyllingsnes. Han var av dei som skaffa seg arbeid, og var ikkje redd for å ta i eit tak eller gå ei ekstra mil for å skaffe seg noko å gjera. I 1955 var det ingen Mundalsbergtunell, og ferja gjekk enno om Isdalstø. Bestefar hadde slekt på Nepstad, og eg trur det var gjennom dei at far vart hyrt inn for å bore ei kjelde. Men i den tid var Nepstad veglaust, forbunde med Gjervik med veg, men ingen veg til Knarvik, og vel heller ikkje opparbeidd veg til Isdalstø. Skulehuset låg oppunder fjellet, i ei ur utan skuleplass, med berre ein vesal stig, som  krøttera ikkje eingong gjekk,  men som leidde til skulen. Lokale myndigheiter hadde målt opp avstanden til Isdal, Nepstad og Gjervik, og visleg plassert skulehuset midt mellom ytterp

Take me to the stars.

Bilde
Heile veggane var dekorert med utklippsbilete av filmstjerner og andre celebriteter. Mor lika det ikkje, men gav opp " Du får vaske ned veggane etter deg," var beskjeden eg fekk. Me samla på bilete av filmstjerner.  Alle vekeblad hadde bilete og artiklar om desse populære skapnadane, og me las og klypte ut. Dei færraste hadde fjernsyn, men film var det å sjå, både på bygdekinoen og på kino i byen, og me fylgde med på det vekeblada let oss vite om gjøren og laten. Grace Kelly som hadde ei lysande karriære, men gifta seg med ein monacisk prins og fekk tre søte barn. Gina Lollobrigida som var frå slummen i Italia , og klarde å bli berømt skuespillerinne.  Vi syrgde over Marlyn Monroe som tok livet sitt så altfor tidleg, men vekeblada let klokeleg være å fortelje om den amerikanske storpolitikken ho kunne vore involvert i. Dei mest vågale nemnte vel at ho skulle ha kjent Kennedy. James Dean med dåreblikket døydde også så alfor tidleg. I ei bilulykke. Med sløra dåre