Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2017

Lys i mørket

Bilde
Lyset blinka ein gong, så eingong til, og du heldt pusten: Gjekk lyset no? Ja, plutseleg var stova i stummande mørke, og det var mørkt i gang, kjøkken og utelampa var sløkt. Det var straumbrot enno ein gong. Slike brot kunne vara lenge, for linemanskapa skulle ut, gå etter linjene i ulendt terreng, ta vekk trea som hadde lagt seg over linene eller feste lina eller kva det enn var som var gale denne gongen. Det tikka ikkje inn ei forklaring på SMs som det gjer i våre dagar, så du måtte berre vente og vone at det ikkje skulle ta dagesvis. Rutinene var klare: Famle seg fram i stummande myrker og finne fyrstikker, tenne ei og orientere seg i landskapet. Stearinlys stod som sedvanleg ikkje framme, men vi famla oss fram til kråskapet, og fann ein lysestump, og etterkvart ein lysestake. Då såg ein litt framfor seg, og kunne starte jakta på fleire stearinlys og stakar. Vi sette dei på strtegiske stader på kjøkken, gang og stove, og så strarta leitinga etter lommelykter med både batteri og

Udlavågen - ei hjørnesteinsbedrift på 50-talet

Bilde
  Inne i ein liten våg mellom Leiknes og Hjelmås ligg Hillesvåg Ullvarefabrikk, eller Udlavågen, som han heitte i daglegtale. Han hadde kai, og i mine heilt yngste dagar hadde dampbåten stopp der om hausten, for å levere ull frå indre Osterfjord til fabrikken. Då som no kunne du levere rein ull og skiten ull, og  fekk betaling for kvaliteten. Ulla vart vaska og tørka, karda og spunne til ull og tvunne til hesper. Da eg var lita var fabrikken hjørnesteinsbedrifta i bygda, om du kan ta så store ord i munnen. Det var vel litt småindustri i bygda elles, som garveri og snekkarar, men dette var staden som hadde flest sysselsette,  20-30 menneske på det meste. Mellomkrigstid Dei tok altså  imot ull frå bønder frå heile Osterfjorden, sorterte, vaska, karda og spann ulla til grått og kvitt ullgarn. I  den første tida kom bøndene med ulla si og fekk igjen garn laga av si eiga ull. Fra 1953 utvida dei til sentralt ullkjøp. Fabrikken hadde og eige veveri  der  det vart laga vadmol, sjevi

Gratulerer med dagen!

Bilde
Vi feira fødselsdagar, som i den tid heitte gebursdagar. Nærleiken til Bergen var trass i alt stor, og det tyske Geburtstag var ein del av daglegtalen på bygdene og, akkurat som ein god del an-be- -het-else ord ein ikkje skal bruke i nynorsk. Men dialekt er levande språk, og ulike distrikt har sine særpreg,og det har strilemålet og.  Kvart år bad me jentene i klassa på jebursdagsbesøk, som det heitte lokalt. Ein ettermiddag, anten like etter skulen, eller i 3-tida kom me anstigande, med faldeskjørt, fin bluse og gensar, og finskoa i eit nett eller pose. Ikkje i plast, for plast bruka ein ikkje til emballasje i det heile. Bursdagsbarnet kom ut og helsa, og vi gratulerte med dagen,gjerne i handa. Ho fekk gåver, kjøpt inn på landhandelen eller når mor sist var i byen. Hadde vi ikkje gåve, så fekk ho nokre kroner fint bunde saman med silkeband, for både kronestykka og 50-ørane hadde hol i dei dagar. Etter litt prating vart me bedne til bords. Det var dekka på med fine kjørel, og vi