Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2020

Alle disse dagene som kom og gikk, ikke visste jeg at de var selve fellesferien.

Bilde
Endeleg ferie!   Gleda var stor, og ein såg fram til to lange månader utan skule og lekser. Då eg vaks opp var f erie  å ha  fri frå skulen. Lønstakarar hadde vel 14 dagar, og dei som var sjølvstendig næringsdrivande og bønder, hadde lite og inkje fri på sommaren. Men for oss ungane betydde det at du kunne sove litt lenger, være oppe lenger, og sleppe skule og lekser.  Pliktene heime var der, med barnepass, oppvask og   golvvask , med litt middagslaging, og gå til båten. Det siste var no helst fritid, sjøl om du måtte handle og hente posten.  På meieriet og kjøpe mjølk måtte ein og. Men me var fleire om pliktene, så ferie var det mykje av. Dei som budde på gard, måtte nok arbeide ekstra i onnene med hesjjing oh høyberging, og hadde vel mest fri til å bade midt på dagen når dei vaksne kvilte middag Av  ein eller annan grunn slutta me skulen i god tid før jonsok, men eg trur det var fordi læraren passa på at me ikkje hadde så mange fridagar undervegs i skuleåret, og kunne rekna

Blomster er plantenes smil ( Per Hille) Blomar, flora og herbarium.

Bilde
Eit av dei første minne eg har, er at eg stod på ein vegakant og plukka blomar. Dei var så vakre!  Mor har fortalt at eg plukka ofte blomar som liten, og eit av dei første yrke eg kunne tenke meg, var å bli gartnar. Eg og Anny, søster m i p lukka blomar og gav til bestemor og ein nabo. Som takk fekk me  kvar vår 25-øring, tilsaman ei heil krone, som var  ei heil formue i dei dagar! Du kunne få 20 femøreskaramellar eller ein heil pose drops for ein slik rikdom.  Eg la store planar om å starte bedrift, der me plukka blomar og selde til  alle naboane. Det kunne bli lukrativt, og eg malte opp for Anny om rikdommen me kunne få, omgjord til søt valuta.  Vi kunne vera sjølforsørgde med snop i lange tider!  Uheldigvis høyrde mor fabuleringa, og gav grei beskjed om at det var greit å plukke blomar og gje til naboane, men grensa gjekk ved å selje det einkvar kunne finne i sin eigen grøftekant!  Så der forsvann  den første forretningsideen min ut til høgre.. Men mor lærde meg namnet på blom

Å gå til båten.

Bilde
Dampen var rutebåten som gjekk mellom Bergen og Mo, med stopp på begge sider av fjorden, nokre stopp på sørsida, nokre stopp på nordsida, og slik kryssa han seg innover.  Dampen var fellesbetegnelsen på Indre Nordhordland dampbåtlag sine båtar, som i mi tid var kolbåtane Haus og Oster, og dampbåtane Hosanger 1 og Bruvik. Dampen var båtane, medan det å gå til båten var det du gjorde når du møtte opp når ein av dei kom kaien på Leiknes. Det var stans to gonger for dag, som oftast . Eingong på veg til Bergen, og ein gong på veg heimatt. Laudag og sundag var det eit ekstra anløp, på laurdag innover fjorden, på sundag utover fjorden. Dampbåten hadde ruteplan, og det var ei rute for vinteren, og ei anna for sumaren, og det var viktig å få tak i  ny rute når sesongen var der, for du måtte jo veta når båten kom, både om du skulle reisa med han, men også for å kunna gjera den viktige sysla å gå til båten om ettermiddagen. Vi søskena kunne krangla litt om kven som skulle gå til bå