Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2021

Hyblar og skuleveg

Bilde
Skulle du opp og fram i livet, måtte du gå skule.  Så etter opptaksprøve på 2 og ein halv dag til Lindås interkommunale realskule, avdeling Alversund, der eg hadde skrive norsk, rekna og svara på spørsmål frå allmennkunnskap, og eg svara så godt at eg kom inn , 14 år gamal, så var det tid for å starte på skulen i Alversund.  Mor hadde lest og høyrt mykje om korleis unge som flytta på hybel hadde vanskar med å stelle seg maten sjølv. Spesielt var det fleire frå bygda som hadde byrja på tricotasjefabrikken i Salhus, og som hadde forsøkt å overleve på kaffi og wienerbrød.  Det gjekk ikkje så bra, og dei kom heimatt utsvelte og sjukemelde.  Alversundbrua og skulen nokre tiår seinare Så mor bestilte opphald på  Rognaldsens (?) pensjonat i Alverstraumen, der eg skulle bu i vekene.  Der hadde nettopp vorte bru over Straumen, og det var ein halv times gange til skulen. Buss tok ein berre i spesielle tilfelle, dersom det var uvær eller ein hadde mykje å bera på.   Eg hadde full pensjon, med fru

skulegang på 50- og 60-talet.

Bilde
Det slår meg at det har vore litt av ein revolusjon innan skuleverket sidan eg gjekk på skulen på 50- og 60-talet.  Godt er det, for inkje er verre enn at me sver til at alt som var i går  er betre enn det i dag.  Kven ville heller bu i eit urestaurert hus frå 50-talet, eller bruke strikka strømper av ull ?  Men la oss sjå litt på kva som har hendt:  Vi pugga og lærde kunnskapen utanatt.  Kunne du leksa di, var du flink. Eg forstod ikkje fysikk på realskulen, men eg pugga, og fekk Meget. Læring var utanattlæring, og reproduksjon av kunnskap. Kunne du det som stod i boka, var du flink .Læraren formidla kunnskapen, gjennomgjekk stoffet, vi lærde det og las i boka, og attfortalde det.  Den individuelle prestasjonen stod i høgsetet.  hadde du spesielle behov, som lese- og skrivevanskar  måtte du følgje med så godt du kunne, prøve å få hjelp heime, men rekne med at du kom til kort i det teoretiske.  Vi hadde ikke gruppearbeid. Det høyrde til reformpedagogikken, som kom på 70-talet  I mitt f

Akvariet i Bergen. 61 år i år.

Bilde
  I 1960 vart Akvariet på Nordnes i Bergen opna.  Der skulle ein vise fram. fisk, vannlevande dyr og pingvinar.   Akvariet vart  finansiert ved ein innsamlingsaksjon i Bergen, og det blei bygd samtidig og var nabo med  Havforskningsinstituttet .   Du kom først inn til to utvendige innstallasjonar, eit basseng med sjøløver og fuglar, der dei symde, hoppa og såg nyfykne på dei som kom. På andre sida var det eit berg der pingvinane budde, og dei hadde og ein symjedam. Du kunne gå omkring på området, eller sitja på ein benk og nyte finværet og synet av dyra, gjerne mens du slikka på ein is. Inne kom du først inn i kiosken, og måtte løyse billett. Så gjekk vi frå basseng til basseng, og såg på symjande fiskar, store og små. Nokre  bevega seg raskt gjennom vatnet, andre symde bedageleg.. Nokre såg nysgjerrig på folket utanfor, andre gøymde seg blant tang og tare. Du kunne lesa om fisken på plakatar på veggen, og i broskyrer du hadde kjøpt i kiosken.  Vi gjekk ned i underetasjen, og såg på en