Innlegg

Viser innlegg fra 2021
Bilde
  https://norwaytoday.com/rss1/nathaniel-22-matte-vasse-i-hoftedyp-sno-til-jobb-aldri-opplevd-maken Det snødde kraftig i nord og vest sist veke, som det av og til gjer på denne tida. Bodø var sterkt ramma av snøver, og til og med riksmedia slo til med reportasjar om brøyting, folk som gjekk på ski til arbeid og høge brøytekantar. Bussane stod for det meste, og ein stakkar måtte vasse i snø til langt opp på leggen for å kome på jobb.  Ja, det var tilstandar! Men så flakkar tankane tilbake til 50-talet, til snøver i min barndoms dal. Det hende brøytebilen kom dagen derpå.  Så du vassa i den snøen som var, anten han nådde oppå leggen eller til hofta. For du skulle på skulen, og måtte gå veg eller snarvegen okke som. Han som gjekk som førstemann gjennom Myramarka ein slik snøversdag, var i sanning ein vegbrøtar, og brukte lang tid på å forsere snømassane. Ekstra heldig var du om det var vind attåt, slik at snøen hadde laga fonner. Du måtte over dei, og ikkje rundt. Våt og snøfull nådde du

Stjernehimmelen over deg.

Bilde
  Det er lenge sidan eg har skrive på denne bloggen no. Eg har rett og slett hatt minnetørke. Det er vel ikkje så rart, etter å ha skrive på bloggen i 4-5 år. Det er begrensa kor mykje ein kan  få ut av barndommen, og ei  bygd med litt over 200 personar.  Men i går kveld var eg og kallen ute på ein liten kveldstur, og då me kom litt unna gatelysa, såg me at over oss var det ein fantastisk stjernehimmel, der ein kunne sjå både Orions belte og  Karlsvogna Så tenkte eg tilbake på min barndoms stjernehimmel, som lyste over meg når det var finver på veg heim om kvelden. Månen kunne lysa , anten han var halv eller heil, og det blinka i nettopp Orions belte og Karlsvogna. Me syntes me såg ei skinande vakker stjerne som var Betlehemsstjerna, fann Melkeveien  og stjernetåker, og dei mest fremmelege fann både Uranus, Jupiter og Venus. Dei var våre vener, og blinka og vinka , lyste opp  heimvegen.  Gud og Jesus var så nær i barnefantasien, der ein gjekk heimover med 3literspannet med mjølk frå me

Sunlight gjennom tidene.

Bilde
  Sunlight står det på campingbilen som kjører foran meg ut frå Stange sentrum.  Eit ønske frå produsenten om at  eigaren skal assossiere bilen med ferie og solfyllte dagar, tenkjer eg, der eg ligg bak i 60-sona.   Men tankane fer vidare til barndommens Sunlight, såpa som i min første barndom var ei slags allroundsåpe, som du brukte til det meste.  Ho kom i øskjer med to og to såpestykke, og var gul, om ikkje akkurat solgul på farge. I den tida, før engelsk var allemannsspråk i Noreg, heitte ho Sunlight , og namnet vart uttala som det var skrive . Om nokon skulle seia Sunlait, så såg ein rart på dei. Kva var det for noko? "Den første virkelige merkevare i verden var Sunlight såpe. Den ble lansert i England av William Hesketh Lever. Sunlight var en mykere såpe som skummet mer og løste seg lettere opp enn noen av de andre såpene på markedet den gangen. Mens såpene på den tiden ble solgt til butikkene i stenger, og kunden fikk kuttet sitt stykke etter ønsket vekt, fikk Sunlight en ka

Var alt lettare før? Hermetisering, sylting og safting.

Bilde
 Alt var ikkje betre før.  Eg har nett sylta og frose jordbær til vinteren, og i løpet av ein ettermiddag  var vinterforrådet sikra og på plass i frysaren.  Så minnes eg korleis mor heldt på med bærhausten. dei fleste  familiar hadde bær- og frukttre, og sylting, safting og hermetisering var var eit viktig og tidkrevjande arbeid kvar ettersumar.  Det var ein del av matforrådet til vinteren. Å plukke bær var ofte eit barnearbeid, og me hadde vår økt mellom rips- og solbærbuskene. Bringebær .hausta vi og, men etter vi kom til Flossvik, plukka vi hjå Margit og Martin for ein billeg penge.  Blåbær, blokkebær og tytebær fann me i utmarka Mor sylta på Norgesglas, Og dei måtte vaskast i varmt vatn og såpe, skyljast og steriliserast. Steriliseringa foregjekk i  steikeomnen, dit alle sylteglas og saftflasker vart lagt  for å oppnå minst 120 grader.  Når prosessen var kome så langt,  fekk vi borna beskjed om å halde oss unna, for vi kunne brenna oss på varme flasker, glas og  sylta frukt og bær.

Vegar og vedlikehald på 50-talet

Bilde
 I min barndom var gata i Bergen belagt med brustein, og når noko var gale, og dei vart veldig skeive og ujevne, så var dei teke opp og erstatta med nye.  Det vert fortalt at det var  Kristan 2 som hadde ein kjæreste som heitte Dyveke: Mor hennar var lei av at dottera vassa i søle i Bergen, og krevde at kongen måtte lage vegar som i Holland, der ho var ifrå. Ho budde i Hollendergata, og derfor trur historikarane at den første brulagte gata i Bergen var Hollendergata, for ca. 500 år sidan.  Alt for kjærleiken!  Ein broleggjar fortel at steinae var lagt slik at vatnet skulle renna ut til sidene av gata, og at det var forskjell på stein , både han som kom frå ulike stader i Noreg, og frå utlandet. Å leggje stein var både handtverk og kunst.  Asfalt, slik eg hugsar det, vart først lagt på eit stykke i nærleiken av tunellen gjennom Eidsvågfjellet og Ytre Sandviken . Den tunnellen kom i 1956, for før det  køyrde rundt Hellesneset det for å koma til Bergen. Det vat såleis ingen shortcuts gjen

Bading- ein del av sommarkvardagen.

Bilde
 Dei sommarlege  dagane, der bading var  viktig, og   gav også mykje læring. Flod og fjøre stod i Bergens Tidende, og eg var ikkje gamal før eg lærde å finne det. Det stod på siste sida, og hadde opplysningar om vannstanden dagen etter. Vi hadde to badeviker å velje mellom, og valde dei etter flod og fjøre.  Var det fjøre, var det finast i Vågen, for der var det langgunt med sandgrunn, og var det flod, var det best på Flossvika. Der var det forresten to viker, ei mellom nausta, og ei attmed ei hytta. Den første var den finaste, for når floda trekkte seg tilbake var det her og ei lita sandstrand heilt til marebakken, og du kunne hoppe og småstupe frå robåtane som låg fortøydd der.  Eg kjenner enno den kildrande følelsen i kroppen når du vassa utover, og kjende dei små bølgene mot kroppen, og korleis du til slutt vippa deg utover på tærne, for å nå lengst mulig utover i sjøen før du la på svøm. Til ei god badestund var det førebuingar. Ein lærde å organisere, for det var mykje å hugse på

Toget til bestemor og bestefar (frå Bergen til Seimsmark.)

Bilde
                                                    Gamle Arna stasjon Å reise til Seimsmark og besøke bestemor og bestefar, var litt av ei reise. Du kunne leige motorbåt frå Leiknes og til Indre Arna, eller du kunne reise med bil, ferje og vidare tilVågsbotn og innover forbi Ytre og Indre Arna.  Men det fanns ein tredje veg. Det var å ta båten til byen, gå til jarnbanestasjonen  og ta toget. Fram til 1964 var det ikkje noko hol gjennom Ulrikken, så toget måtte gå den lange og tunge vegen  om Fana og  via Haukeland , Indre Arna og til Seimsmark. Ein lang tur på ein time og eit kvarter, men i dei dagar visste me ikkje betre, og syntes det var ei grei reis.  Det vart nesten ikkje noko att av reisa då tunellen kom, ein reiste gjennom den underjordiske gangen i nesten 10 minuttar, og vips så var me i Indre Arna! Du kjøpte billett i luka på billettkontoret, og venta på ein benk til Oslotoget hadde gått. Då var det tid for lokaltoget. Konduktøren i uniform  med fleirfarga striper på  luva, 

Tur til Fløyen

Bilde
  Ein skuletur til Bergen var ikkje kvardagskost.  I 4. klasse gjekk vi på fjellet, så dette må ha vore eit av åra etterpå. Me reiste med rutebåten til Bergen, og var fyrst på museum,  Det mest minneverdige var likevel  at vi skulle ta turen  til Fløyen. Me skulle ta kabelbana frå Vetterlidsallmenning til toppen, 300  meter lenger opp i fjellsida.. Å ta Fløybanen  både opp og ned, var ei oppleving i seg sjølv, så det var høgdepunktet på denne skuleturen.  Bana har ei bratt stigning , og siste stoppestad låg 320 meter over havet.  Læraren kjøpte billettar, og vi gjekk inn  i den raude vogna, og etter litt så lukka dørene seg. Me hadde sjølvsagt vald å stitja øverst i  vogna, slik at ein kunne få litt ekstra spenning. Banen forflytte seg oppover gjennom ein tunnell, og vi såg ikkje særleg mykje. Så kom vi ut i lyset, og vi såg litt av Bergen nedanfor,  Det var bratt å sjå ned, men bana stansa på første stoppen, som var Skansen.    Byfolk gjekk av, for mange budde her. Her låg brannstasjo

Fra Fløksand til utkantleiknes på 60-talet.

Bilde
  Våre dagar gjer me turen Leiknes- Fløksand på ein halv time.  Me susar gjennom tunellar og over bruer, og snart er me der. Den erverdige Fløksand husmorskule, som  i tre kvart århundre  utdanna dyktige husmødre, og var forskule for sjukepleiarar og hustelllærarar, er no vorte  golfbane for dei som gillar sporten.  Eit nydeleg friområde  ut mot  kysten er det og.  Når me i 1965 skulle heim etter endt veke på husmorskulen , var det laurdag ettermiddag. 5 dagars skuleveke kom først på 70-talet, så me måtte nok ha både frukost og middagsplikter før dagen var omme. Men me hadde pakka om morgonen, og  fekk fri så vi kunne henta bagasjen til bussen kom. Det var litt av ei reis, særleg når me skulle til den  vesle avkroken som heitte Leiknestangen.  4 elevar  måtte vera att. Dei hadde helgevakt, og skulle hjelpa til i fjøset, og lage mat til lærarane og seg sjølv. Lite populært, men det gjekk på skift, så stort meir enn ein gong på det halve året me var der, vart det ikkje.  Dei mest fremmel