Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2021

Mangfoldige og spesialiserte butikkar

Bilde
  Kvar vart det av alle butikkane  i sentrum av byen ? Det var butikkar overalt. Gjekk du Øvregata, var det små og store butikkar alle stader. Mest små, med eit eller to utstillingsvindauga, og ei inngangsdør i midten. Det var paraplybutikk der du kunne få reparert paraplyar. For om ikkje paraplyen vrengte seg heilt, kunne ein få festa ei spil eller noko av trekket.  Her selde dei platikkhetter til å ha på hovudet om det regna, Det var skobutikkar, med utstilte sko med høge og lave helar, skinnsko og sandalar, støvlettar og tøysko. Det var ein skomakar som tok imot sko og reparerte dei, og sydde sømmar og bytte helar som hadde vorte skeive. Ein kjøpte ikkje nye sko om dei gjekk an å reparere.  Det var veskebutikk som handla berre med vesker, koffertar og handlenett. Ein annan butikk hadde serviser, koppar med snill gutt og tante i gullskrift, krustøy, bollar og fat . Så vidt eg hugsar var det bakeri og konditori i same kvartalet.  Du kunne kjøpe blomar i blomsterbutikken, grønnsaker hj

Jeg tenker hele tiden. Men jeg tenker bedre på trikken, for der gjør jeg ikke annet enn å tenke ( sitat frå ein stil).

Bilde
  -  Me tar trikken, sa mor. Me hadde vore og besøkt gammeltanta hennar  på Sandviken aldersheim, og hadde dårleg tid. Det var moro! Å ta trikken var annleis og eksotisk, og små føter vart trøytte av å gå lenge på brusteinen.   Mor hadde tannlege sin, Yri,   i Sandviken,  og når me hadde vore der, tok me og  trikken til byen.     I min tidlege barndom hadde trikken ofte to vogner, der  trikkeføraren kjørde første vogna, og trikkekonduktøren tok  betaling og  hjelpte folk med av- og påstigning, og tok eit tak med  barnevogner og bagasje-     Konduktøren gav signal ved avgang,  og føraren ringde med klokka. Klokka vart og brukt for å  varsle bilar, og i svingar.    Seinare betalte du føraren ved påstiging Prisen for ein tur var ikkje avskrekkande: 25 øre i 1949,  og 50 øre i 1960. Skulle du ta fleire ruter, fekk du overgang, som varde i ein time.  Då eg var liten, var det mange trikkar i Bergen. I alle høve føltes  det slik for eit barn. . Men det var berre 4 trikkelinjer,  men dei  dekk

Kunnskap er næring for sjelen.

Bilde
Eg tok artium i 1964 ved Hordaland fylkeskommunale gymnas, ein toårig studentfabrikk  i Bergen  for dei som ville opp og fram i verda. Han var organisert som ettermiddagskule på Pihls gymnas, og me kjende ofte eimen av deira elevar når me inntok klasseromma klokka  14.15. Det var ikkje mange frå Leiknes som tok artium. 2 frå mitt årskull, seinare vart det fleire.  Me var i ferd med å gjere klassereisa, frå bondelandet til utdanning.  Etter artium kunne du ta ymse lærarskular og sykepleieutdanning, eller du kunne bli akademikar og begynne å studere ved universitetet.  Men for å kome dit, måtte du immatrikulerast,  og då fekk du akademisk borgarbrev som bevis på at du var ein akademisk borgar.  Tradisjonelt var immatrikuleringa ein høgtideleg sermoni, der studentane fekk sine akademiske borgarbrev og avla akademiske lovnader ved å ta rektor i handa. Lovnadene innebar at universitetet og studenten gjensidig skulle ivareta plikter og rettar, og at studenten skulle leve opp til den standard