Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2019

Farvel med gamlelandet

Bilde
Norskamerikanaren har no sine siste veker i Noreg. " Eg tok min sidste tur oppover dalen,so longt som til Pipervannet den lørdag ettermiddag, og va so heldig å få nokre gode bilder av vatnet og landet rundt om det. Deriblant bilde av vannliljerne" Rasmus Lakness er no i ferd med å vende nasen heimover til California. Men først er han og broren til gudsteneste i Midtgard interrimskapell, som vart teke i bruk nettopp denne sundagen. Han treffer enno fleire slektningar, og omtalar den vesle kirkeklokka som kimte i Dalebygden for første gong. Han ynskjer at klokka skal kime for nye generasjonar, og at dei skal halde fram og samlast der i" da bedehus som står i den naturskjønne dal, so fager at, i forfatterens or " ein kan injensta venare sjå". Men før dette har dei siste tre vekene også vore eit einaste stort gjestebod med besøk hos slekt og vener. Han var i Naustddalen, hjå tanta si ,  ho Maria. Han hadde vore i bryllupet hennar like før han drog til Am

Turist i Noreg i 1948

Bilde
"I min ungdom hadde eg set svert lite av Norges land. Soleis syntest eg at når detta va min første og sidste tur, burde eg sjå meg litt om i den part av landet so dei utenlanske turister går te. Soleis hadde eg fått utarbeit ei reiseruta med foranbestilt plass på buser, båter, tog, og hoteller, for ein to vekes tur" Sitat Rasmus Lakness Setersdalen Så reiser han med buss frå Bergen, gjennom Hardanger via Haukelisæter til Hovden, vidare nedover Setesdalen til Bygland, der han skifter til tog, og reiser så til Oslo, der han vert i to dagar, før han tek toget til Voss, med buss til Stalheim, der han også vert eit par dagar, før han tek buss til Gudvangen, og båt til Balestrand . Der vert han til dagen etter, før han held fram båtreisa til Bergen. Det vart ein  spektakulær tur, slik turistar både då og i dag opplever. Det slår meg at det må ha vore ei fantastisk reise han gjorde. Det var og ei klassereise  dettte, å reise som turist i sitt fedreland. Då han reiste til USA

Rasmus Lakness i heimbygda i 1948.

Bilde
 Vi skal fylgje norskamerikanaren på hans sju vekers lange opphald i Noreg. Det gjev eit bilete av tida, og tankane, og eit bilete av språket hans etter over 40 år i USA. Lunndalen i dag, 70 år etter. I bakgrunnen restane av floren og løa.  Så stod han atter i Lunndalen, på  heimegarden på Leiknes. 44 år hadde gått.  Anna, kona hans Ragnvald kom han i møte og bad svogeren sin velkommen. Ho var fødd 2  år etter at han reiste til Amerika. " Aldrig før eller seinare hev eg fåt slik ein velkomst hilsen utenom i mit eiget heim". Dei viste han omkring i huset. Kjellaren hadde fått sementgolv, og gruva var borte. Søre stova hadde fått nye møblar, men i nordre stova fann han att klaffebordet og senga i kråa. Kjøkkenet hadde fått moderne ovn, og benk med skap og skuffer. I romma oppe fann han gamle kommoden etter tanta si og faren sin gamle kuffert. Løa og floren var som før, men hadde fått silo og gjødselkjellar av sement.                                                  

Heimkomsten. Ein norskamerikanar ser heimom gamlelandet .

Bilde
Han stod på dekket og såg Venus runde Kvarven og gå sakte innover mot Skoltegrunnen. Byen var herja etter bombinga under krigen, men dette såg han ikkje. Han såg byen og dei sju fjell som omkransa han. Året var 1948, og Rasmus Lakness var på veg for å vitje sine heimtrakter. Som han sa: -Kvifor kjem laksen frå det ukjente havdjupet te elven der han vart utklekka, for å kasta rogn, og slå seg ihel på steinane?... Kvifor ville eg so reisa til Norge? Simpelthen fordi eg va født dar. Eg kan ikkje giva nåken bedre grunn. I dag kan du flyge Bergen -Orlando på 12 t og 5 minutt med Norwegian. Rasmus reiste i tolv dagar for å nå Bergen. Han brukte tog gjennom USA, båt frå New York til Southhampton, tog til Newcastle og båt til Bergen. På veg gjennom USA møtte han slekt og vener som bad han helse til Noreg, og sende med gåver til sine i gamlelandet. Han ringde si kjære Beatrice eit par gonger, og siste gongen kunne ho fortelje at dei hadde blitt besteforeldre til ei lita jente, Dortothy. Så