Innlegg

Viser innlegg fra april, 2022

Santalmisjonens ungdomsforreining i Bergen 1963

Bilde
Då eg tok gymnaset i Bergen, budde eg på hybel der i vekene . Det var ikkje råd å bu heime, for det gjekk korkje buss eller båt som høvde med skulegang.  Etter at eg  hadde vorte personleg kristen, vart eg med i  Santalmisjonens ungdomsforrening, som den gongen heldt til i Santalmisjonen sine lokale,  ikkje langt frå Korskirken.  Ungdomsforreninga var den gong stor, med eigen ungdomssekretær, og hadde mellom 30 og 40 medlemmer. Det var ungdomsmøte kvar veke, og det var ungdomskor og nokre  musikkgrupper som deltok på møtene. Foreininga var delt inn i bibelgrupper, som samlast på hyblar og i heimar for å studere Bibelen og misjon. Santalmisjonen var grunnlagt av Lars Skrefsrud, ein tidlegare straffange som var omvendt i tukthuset. Han lærde seg  tysk og engelsk i fengselet, og etter mange vanskar reiste han som misjonæ'r til India og seinare Santalistan, og grunnla arbeidet der. Han hadde eit godt språkøyre, og kunne 18 språk då han døydde.  Santalmisjonen dreiv enno i Santalistan,