Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2019

Bilprat. Slikt eg hugsar frå 50-talet.

Bilde
                                                     Ikkje vår bil, men same typen - No har eg fylt bensin og peila olja! Glad og stolt kom 9-åringen inn og fortalte om bragda si. Far var heime midt på dagen i dag, og åt middag før han drog på arbeid att. Han hadde køyrt Opel Blitzen inn i garasjen, og eg hadde fått i oppdrag å fylle på tanken.                                                       Same pumpe, men Shell, ikkje BP Eg hadde site på stigetrinnet og pumpa bensin fra fatet og  opp i 5 litarsbehaldaren på veggen, før eg sleppte innhaldet ut i slangen som stod i bensininntaket på bilen. Då tanken var full, hadde eg funne ei gamal fille, lyft opp panseret, teke ut oljestaven, turka av han, stappa han nedatti og målt olja, slik eg hadde sett far gjere. Eg  syntes eg hadde gjort karsverk( kvinnesådant var ikkje oppfunne enno). Far hadde lært meg ein del om bilvedlikehald, og andre ting lærde eg av å gå i hælane på han når han arbeidde heime og ute. Eg kunne setja på lys

Svedl og isjokklar

Bilde
Det var ikkje alltid så mykje snø i min barndom, men isjokklar var det mykje av. Dei hang frå ufser og tre, frå berg og steinar, og ein vart som barn alltid freista til å ta seg ein tapp og suga på. Mor likte det ikkje, for ein kunne bli sjuk , sa ho.  Men me trudde ikkje heilt på det ho sa, og braut oss ein ny pinne, og saug i veg. Bakteriar kunne det i alle fall ikkje vera ho var redd for, for dei måtte jo vere vel nedfrosne. Men litt kalde i magen vart me nok etter nokre isjokklar. Svedl var det overalt, små som store. Bortanfor bestemorshuset, på vegen opp til Jærfjellet rann det ein liten bekk ned til den litt større bekken nede i dalen. Der var det ofte svedl. Onklane mine tok me dit for å skreia. Me brukte fjøler, og gamle regnfrakkar. Hu, kor det gjekk! Hadde det snøa, så var det om å gjere at du var lokalkjent. For svedl med nysnø over var ikkje å spøkjast med. Då  vart det lett knall og fall.  Men me børsta av oss snøen, og merkte oss staden. Neste gong gjek

Skreia på kjelke

Bilde
Du kunne skreia på skorne dine. Var det glatt, og du hadde beksaumsko, så gjekk det greitt nedoverbakke, og du fekk øve opp balansen. Me skreidde også på svedl, og brukte både sekker, bru fjøler eller kjelkar, regntøy, men plast var enno ikkje oppfunne. Men mest av alt brukte me kjelke når me skulle ut å skreia oss. Frå dei første fjomene av snø var me i farta, og som liten var det ofte ein drog ut kjelken medan det enno var mykje grønt på bakken, og prøvde å få glid. Så fall snøen, og du kunne hente fram kjelken. Min var lakka, og hadde først plass til to, fordi det var sete på han. Seinare tok far vekk setet, og då vat det plass til tre . Eg hugsar onkelen min skreidde med kjelken, og hadde syster mi på. Ho var så liten at ho sat i pose. Han greidde ikkje svingen nedanfor huset vårt, og dei ramla utfor. Heldigvis ikkje meir enn vel ein meter høgt, så det gjekk bra.                                                                  (illfoto) Du brukte kjelken på butikken, men