Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2020

Heimatvegen var innhaldsrik

Bilde
  Delar av siste skuletimen brukte læraren til høgtlesing. Frostmoborna, Holger Nilssons forunderlege reise og Lord Fountleroy var alle bøker som me fekk høyre. Det var inga klokke som ringde ut, så siste timen avslutta nok ofte litt etter tida. Det var ikkje så nøye slik.  Men skulen avslutta alltid likeeins: opp og stå med pulten. Vi song ein salme, og bukka og neia og sa  takk for i dag, før me gjekk ut, som oftast i\etter den rekkjefylgja me sat .  Nokre av oss tok fylgje ut skuleporten, andre fylgdes åt nedover vegen, og prata om laust og fast, men så skildest vegane for dei som for til Hedlesvågen og dei som drog nedover  storvegen i Dalebygden.  Det vil sei, du kunne sykle til Hedlesvågen og. Det var fleire fine nedoverbakkar, ein skarp sving i vegaskillet, der det var lrtt å tryne om du hadde for stor fart, på grunn av sand og grus på feil stad i svingen. Ein lærte "by doing" i dei dagar, så etter å ha dotte av sykkelen og slege skrubbsår eit par gonger, så hadde vi a