Innlegg

Viser innlegg fra 2018

Julebukk

Bilde
I desse tider, når debatten går om Halloween og julebukken, så vil eg skrive litt om sistnemnde, slik skikken var då eg vaks opp i ei lita bygd på Vestlandet.  Vi gleda oss til nyttårsafta, for då skulle me gå julebukk. Det er litt diskusjon om opphavet til denne skikken, om han er heidensk eller frå middelalderen, og kva funksjon denne hopen av julebukkar hadde frå gamalt av. Det er også ulike skikkar i ulike delar av landet, og i andre land. Ikkje alle gjekk same dagen , heller, men stort sett i romjula. Men omkring Bergen gjekk me julebukk nyttårsafta, eller nyttårsbukk, som sume kalla det. Formålet var å kle seg ut, vandre frå hus til hus, vise seg fram, helst ikkje bli gjenkjent, og sjølvsagt få del av juleknasket i bygda. Det var stor ståhei  med utklednad. Ein skulle kle seg ut slik at ein ikkje vart attkjend, og det var difor viktig å finne klede som var nøytrale, og ikkje minna så mykje om der ein kom ifrå.. Islendarar, pute på magen og bakenden kunne vera vanl

Lys i mørke

Bilde
Hausten og vinteren var mørk. Det var lite lys, og straumen var dyr. Etter vegen var det eit og anna utelys på stolpane, men det var langt mellom dei, helst lyste det ei lyspæra opp i vegaskilje og på kaien. Lange stykke var det ikkje lys, anna enn ei og anna utelampa som lyste utanfor hus attmed vegen. Du kunne lett trø nedi eit vasshol i grusvegen, eller til og med utanfor i vegaveita, om det var stummande mørkt. Lommelykta var viktig å ha med seg om du gjekk ut om kvelden på denne årstida. Ho lyste der du gjekk, men utanfor lysstrålen var det mørkt, og fantasien høyrde eg  både ulv og bjørn, sjøl om dei på den tida ikkje lenger var på Vestlandet, og slett ikkje i ei fjordbygd der skogen vart halde nede av husdyra. Ja, du kunne undrast om troll og vætte var gøymd bak buskeleggane, og du gjekk fort og målvedvite med mjølkespannet eller handleveska. Glad var du når du såg utelampa heime, og kunne koma i tryggheit. No var det ikkje alle kveldar som var mørke. Stjernehimmel

Bilen i arbeid og fritid

Bilde
                                              (ill. foto) Far hadde lastebilar.  I mine augo var dei store, men når eg i vaksen alder ser på same modellane, ser eg at dei var små, i alle høve etter dagens standard. Han hadde først ein Bedford og før det ein annan bil, og enno ein som vel eigentleg var bestefar på Hjelmås sin, men som mykje anna vart  bilen brukt av sønene hans, og far var ein av dei som hadde mykje bruk for bil. Det var denne bilen han køyrde om Soddalskaret og til Hodnesdalen med, som eg tidlegare har fortalt om. Eg minnest så vidt den raude Bedforden, og ikkje minst samtalane han hadde med mor, og frustrasjonen over at den gamle bilen stadig måtte reparerast, om mangelen på bildelar, som det var etter krigen,  og at han ikkje kom seg på arbeid fordi bilen streika. Så gjekk dei til i 1953 den store handlinga å kjøpe ny bil, ein Opel Blitz. Eg hugsar den dagen han kom på garden, ny og fin, blå med raude striper og metallic i front. Det var eit vedunder av ein bil,

Martha Husdal

Så var ho Martha Hagesæter vorte Martha Husdal. Me skriv året 1961, og historia er altså frå etter 50-talet, men det er også greit å føre ei historie til endes. Eg var borte det meste av den tida eg skriv om, så dette er det eg hugsar. Det er nok mykje meir å fortelja. Men så er bloggen subjektiv. Det er dette eg kan minnast. Andre har andre minne. Ho gifte seg med ein brunnborar som reiste på heile Nord- Vestlandet, og som var mykje borte i vekene. Sjøl heldt ho fram med bensinstasjonen i enno eit tiår, og hadde omsorg for ein barneflokk som snart talde sju. Ho sydde og strikka til borna, og reiste både til byen og på fabrikkutsal for å finne tøy og halvfabrikata av strikkevarer .Eine syster mi fortel  om dei raude strekkbuksene mor sydde,og som aldri vart utslitne, og som syster mi som nr. 4 i flokken ervde fleire av. Mor vart med i Venstre, og det var på tale å setje henne på sikker plass på stortingslista, men ho og Sigmund fann ut at det ikkje let seg gjere at begge var borte i

Æres den som æres bør

Bilde
Vi hadde respekt for far og mor, for lærarar , for eldre menneske og vi neia og bukka når vi helsa, og når vi takka for maten.  Sjøl om biletet av kongen hang på vetlehusa bortover, så var han og huset hans noko vi såg opp til, og me høyrde ikkje noko negativt om dei kongelege. Det einaste var at dei viste sunn folkeskikk, som at kronprins Olav tok koteletten og gnog av beinet i staden for å bruke kniv og gaffel, og dermed kunne heile forsamlinga gjere det same, og nytta ut maten. Men vi visste lite om feriar og kjærestar, om eventuelle utanomekteskaplege  eskapadar.  Stortinget og politikarane var storfolk, og det var sjeldan me høyrde noko negativt om dei, men dei vart æra ekstra om dei var folkelege. Mor snakka om ein stortingsmann som åt wittenbergar ved kjøkkenbordet då han var innom.  Lækjarar og sakførara var storfolk, og vart behandla betre enn andre. Men alle som hadde uniform og  uniformslue vart sett opp til, anten det  var lensmann, kaptein og styrmann p

Reint skal det vera, sa kjerringa

Bilde
Golvet vart vaska kvar dag, utanom sundag. Barneføter tok med seg mykje sand og jord inn, og far tok ikkje alltid av seg støvlane, han heller. Det var heller ikkje krav å ta av seg skorne om du hadde eit lite ærend inn. Det tok lengre tid å knyte opp skolisser, ta av seg sko og knyte dei på seg att, særleg fordi dei minste måtte hjelpast. Nokre korte drag på golvmatta, om du hugsa det, og in you go! Men helgavasken var viktig! Då skulle det bli reint! Denne vasken var ei jente/kvinnegreie. Kom du på besøk til nokon laurdag, så var mor og døttre engasjert med vaskebøtta. Men mennene slapp unna, og gutane og, så vidt eg hugsar. Når du var ni år, var du ein del av prossesn, og fekk tildelt oppgåver. Det var å hente bøtte, løvang og klut på badet, finne PEPkartongen i kjøkkenskapet under vasken, og duste ca. ei skei av pilveret oppi bøtta før du tappa vatn oppi. Rekkefølga var viktig, for pulveret måtte løyse seg opp, og ikkje liggje som kvite prikkar på golvet. I byrjinga vart ar

Vetlahuset

Bilde
Om du måtte, var det utedo, vinter som sommar. Om sommaren med mange fluger når du tok av dasslokket, om vinteren så kaldt at det beit bak når du sette deg nedpå. Alle hadde eit vetlahus, eit lite avlukke der du gjorde ditt fornødne. På mange gardshus var det eit tilbygg til huset, først kom skykkja, og så kom vetlahuset. Om fjøset stod nært huset, så var det praktisk å ha eit avtrde der, fordi mottinga likevel var der. Atter andre hadde eit lite hus litt bortanfor hovudhuset, ofte saman med skykkja og høne- eller sauehuset. Utvendig var det ein krok, og innvendig lukka du med ei treslå. Det var ein benk der, med to runde hol, eit stort og eit lite. Over hola låg  det to runde trelok med handtak. Det var sosialt å gå dit, og ofte gjekk me fleire i lag, sjøl om me helst brukte det vesle holet når me var mindre. Det verserte rykter om at barn kunne falle gjennom og ned i mottinga. Det ville me ikkje. Særleg hos bestemor var det langt ned, i alle høve med barneaugo, og det var s

Fordums glans(bilete)

Bilde
Vi hadde glansbilete, og vi leika med glans. Vi hadde glansbiletebok, og limte dei vakraste bilete inn i i bøkene. Då eg var liten, like etter krigen, brukte me lim laga av kveitemjøl og vatn. Når du hadde fordelt limet på baksida av glansa og festa dei på papiret i boka, så åt du opp resten av limet. Enkelt og greit. Seinare fekk me kjøpe lim på tubar, og då måtte vi vera forsiktige så vi ikkje fekk lim på fingrane, eller limte fingrane fast til papiret. Men glansbilete var ikkje berre i boka. då var dei på ein måte faste, og du brukte dei til å sjå på, eller du sat og såg på dei og samanlikna med dei venninna di hadde. Vi bytte og glans med kvarandre. Dei låg ofte i  fine metalløskjer, og der var dei, englar, sauer og babyar, vakre blomsterbilete, fine damer og eventyrfigurar. Det var store og små glans. Eit år, eg trur det var rundt jul, kunne du kjøpe bilete som hadde glitter på seg. Dei vart fort ein hit, og vart sett på som ekstra verdifulle. Vi Hadd

Likestilling i leikekroken?

Bilde
Du var fødd gut eller jente. Gutane var nok litt meir verd, sjøl om alle som hadde barn sa at alle var like verdifulle, så var det ein del val som var kjønnsbestemte. . Mange gjekk ut i arbeid etter konfirmasjonen, og yrka var kjønnsbestemte. Kvinner kunne ikkje bli prestar, gå inn i det militære og eg veit ikkje om dei var offiserar på båtar. Gutane tok utdanning, og om jentene tok det same, så var den kortare, for dei skulle jo gifte seg likevel.  Kvinnene sitt verde låg i å vere mor og kone, og vere dyktig med det huslege, kunne strikke og sy og ta seg av borna. Men kvinner vart lærarinner, telegrafistinner, sykepleiersker, butikkdamer og arbeidde i industrien. Ofte var det skilnad på yrkestittel, der yrka kvinnene deltok i i hadde kvinnenamn,  og på løn, der kvinner fekk mindre betalt enn menn for same arbeid. Jentet gjekk kledd i skjørt. Dei hadde kåper og huver, vesker og hanskar. Dei mest fremmelige hadde bukser på kvardagane frå midten av 50-talet, men til fest var det sk

Dokker

Bilde
Den første dokka mi sydde mor kroppen til. Ho hadde kjøpt celloidhovud, og armar og bein av det same. Dokka hadde hår som var måla på celloiden, og hadde blå påmåla auge og raud munn. Halsen var også av celloluid, og i han var det hol der hovudet var festa til bolen med sytråd. Ho fekk rikeleg med klede, for mor sydde, hekla  og strikka til henne. Ho hadde kjolar og huver, strikkekjole og huve, labbar og strømpar, ja til og med sko. Far laga seng til henne, og mor sydde sengklede. Senga vart flytta frå soverom, til stova, og var med ute når det var ver til det. Kva ho heitte, hugsa eg ikkje. Truleg skifta ho namn, ettersom vakre namn dukka opp, eller ein kalla opp att betydningsfulle personar. Dokka var viktig i rolleleiken, og når eg fekk veslesyster, vart dokka mi vaska og kledd på, og mata og stellt. Eg var kty av dokka mi, og viste henne fram til alle som kom på besøk. Alle skrytte, utanom nokre ungdommar som ikkje skjøna at dette var verdas 8. underverk. Eg kjenner enno

Livberging , småindustri og meir pengehushald

Bilde
Etter krigen skulle landet gjenreisast. Det gjekk betre, det vart meir mat i butikken, og folk kunne selja den maten dei produserte. Tyskjen skulle ikkje ha noko lenger. Det vart mindre og mindre bruk for rasjoneringskort, og både mat og klede kunne etterkvart kjøpast utan merke. Eg hugsar mor klypte merke, og at gleda var stor når det etterkvart vart slutt på å bruke dei. Naturalhushaldet minka,  og folk kjøpte meir og meir av det dei hadde bruk for. Men til det trongs det pengar. Mange dreiv med attåtnæringar og småindustri for å skaffe seg nokre kroner ekstra. Av og til gav industrien arbeid til fleire, før olja og høge lønningar tok knekken på verksemdene. Eg fekk høyra at Martin på Flossvika og ein til arbeidde tresko i kjellaren vår like etter krigen, og far selde skorne  for dei. Tresko vart nytta når du var ute heime, medan lærsko og gummistøvlar var meir vanleg når du gjekk ut blant folk. Nokre fiska og selde det dei ikkje trong sjølve. Du kunne gå på kaia og kjøpe d