Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2021

Sunlight gjennom tidene.

Bilde
  Sunlight står det på campingbilen som kjører foran meg ut frå Stange sentrum.  Eit ønske frå produsenten om at  eigaren skal assossiere bilen med ferie og solfyllte dagar, tenkjer eg, der eg ligg bak i 60-sona.   Men tankane fer vidare til barndommens Sunlight, såpa som i min første barndom var ei slags allroundsåpe, som du brukte til det meste.  Ho kom i øskjer med to og to såpestykke, og var gul, om ikkje akkurat solgul på farge. I den tida, før engelsk var allemannsspråk i Noreg, heitte ho Sunlight , og namnet vart uttala som det var skrive . Om nokon skulle seia Sunlait, så såg ein rart på dei. Kva var det for noko? "Den første virkelige merkevare i verden var Sunlight såpe. Den ble lansert i England av William Hesketh Lever. Sunlight var en mykere såpe som skummet mer og løste seg lettere opp enn noen av de andre såpene på markedet den gangen. Mens såpene på den tiden ble solgt til butikkene i stenger, og kunden fikk kuttet sitt stykke etter ønsket vekt, fikk Sunlight en ka

Var alt lettare før? Hermetisering, sylting og safting.

Bilde
 Alt var ikkje betre før.  Eg har nett sylta og frose jordbær til vinteren, og i løpet av ein ettermiddag  var vinterforrådet sikra og på plass i frysaren.  Så minnes eg korleis mor heldt på med bærhausten. dei fleste  familiar hadde bær- og frukttre, og sylting, safting og hermetisering var var eit viktig og tidkrevjande arbeid kvar ettersumar.  Det var ein del av matforrådet til vinteren. Å plukke bær var ofte eit barnearbeid, og me hadde vår økt mellom rips- og solbærbuskene. Bringebær .hausta vi og, men etter vi kom til Flossvik, plukka vi hjå Margit og Martin for ein billeg penge.  Blåbær, blokkebær og tytebær fann me i utmarka Mor sylta på Norgesglas, Og dei måtte vaskast i varmt vatn og såpe, skyljast og steriliserast. Steriliseringa foregjekk i  steikeomnen, dit alle sylteglas og saftflasker vart lagt  for å oppnå minst 120 grader.  Når prosessen var kome så langt,  fekk vi borna beskjed om å halde oss unna, for vi kunne brenna oss på varme flasker, glas og  sylta frukt og bær.