Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2022

Litt av kvart frå 60-talet

Bilde
 Det er litt minnetørke for tida. Ikkje så rart, for eg har skrive minner  i 5-6 år no, og ein gong må det bli slutt!  Men eg tenkte eg skulle skrive litt om religiøse delen av Bergensopphaldet på 60-talet og fortelje om ein del menigheiter og bevegelsar eg var innom. Hovedbasen min var Betlehem, indremisjonen si høgborg i Bergen.                                  Ole Abel Sveen i eldre år Ole Abel Sveen var ungdomssekretær, som det heitte i dei dagar.  Han var ein dyktig songar og forkynnar. Møtene var tradisjonelle, med song, bibellesing og forkynnelse.  Der vart eg kjent med nokre frå Smiths venner, som bad meg på heimebesøk  på Nøstet. Der sat eg då på ein overmøblert hybel med utsikt over Puddefjorden medan dei fortalde om  trusamfunnet sitt.  Dei hadde eit tilleggsskrift til Bibelen, Smiths bok, der det var ein del lover og forskrifter du måtte halde for å  verte frelst.  Kvinnene skulle ha langt hår og skjørt, og dei praktiserte ikkje barnebegrensing, mellom anna. Dette var neste