Innlegg

Viser innlegg fra september, 2019

Trøste og bære: Ingen plastposar!

Bilde
-Har det ikkje alltid vore plastposar? Spørsmålet kom frå ein ungdom. Svaret er, som me over 50 veit:- Ikke alltid.  Ein har ikke alltid hatt plasbytter heller. Men vi bar mykje, og var ofte sterke i armane. Her kjem eit lite oversyn over kva me bar i, så langt eg hugsar . Det fanns nok meir. Kipa  har ein tett botn av tre, som det er festa   loddrette   spiler til. Rundt desse spilene er det fletta tynne   spon er eller kløyvde kvistar.  Kipa var eit bæreredskap som først og fremst blei  brukt der  topografien  var vanskeleg og jordlappane spredt. Det meste kunne transporterast  i kiper; Nokre kiper var laga for å bære  høy , mens andre vart brukt  til  fruk t og  poteter . Ein kunne også frakte f isk   i kiper. Husdyrgjødselen kunne og bærast i kiper ut på jordet. (Store norske leksikon) Vi ungane hadde ransel, og han vart tømt for innhald, og kunne brukast når me skulle ha med oss leikesaker når me vitja vener, eller skulle på overnatting. Ein måtte vera forsi

Fola, fola Blakken

Bilde
Barnesangen om Blakken fortel om kjærleiken til hesten, og kor nødvendig han var i arbeidet på garden. Det var nok sjeldan han hadde tid til å kvile og gå omkring med veslegut på nakken. Alle småbrukarar hadde hest då eg var liten. Unntaket var Arthur på Kleiva, som hadde besøkt dotter si i Amerika, Han kom heim att med eit vidunder av ein firhjult traktor. Liten etter målestokken i dag, når bonden skuar ned på deg frå godt over meteren, men stor den gongen. Så kunne han bruke han i onnene, til nydyrking, til å køyre mjølk og hente ved.i utmarka. Men dei andre dei hadde hest. Det var nok helst gamle fjordingar, slitne etter eit langt liv i teneste på tungvindte gardar, der dei pløygde åkeren, køyrde ut møk og slo gras. Nokre drog høyrive og raka det slegne høyet, og køyrde det inn. Dei køyrde mjølk på meieriet og hjelpte til i vedaskogen. Kom det mykje snø brøytte dei, og ein hende gong vart dei spendt for sleden og køyrde til gjestebod, bryllaup og gravøl.  Onkelen min forta

Senter i går og i dag.

Bilde
I serien, det som var og ikkje er, er eg kome til bygdesenter før og nå.        Like etter ferjekaien kom i Knarvik Kva var Knarvik i barndommen min? Ei fjøre som du segla forbi, der nokre sauer beitte, og ei einsleg hytte.. Stigen mellom Isdal og Gjervik gjekk langt oppe i fjellet, og ingen svinga nedom.fjøreknausane. Men når sant skal seiast, Knarvik hadde ei fin badevik, og ho vart brukt somarstid Du kom med båt, sjølsagt Folk hadde med mat og bada på den fine stranda  Første huset i Knarvik stod ferdig i 1960. I 1956 vart det ferje og  veg mellom Isdalstø og Knarvik, ferjeforbindelse, så kjøpesenter, tunnell gjennom Mundalsberget i 1973, kommunesenter, og bru til  Bergenshalvøya i 1994 , og no kan vel Knarvik kalle seg by, om dei vil. Strilebyen . Litt lenger inne ligg Leiknestangen, som i mi tid hadde 3-4 båtanløp, meieri, post, handelslag, kiosk og småindustri, og  4-5 bussar til båtane i helgene. No er det ein stad du køyrer forbi på veg til noko anna. A