Innlegg

Viser innlegg fra april, 2020

Med mor og plukka blåbær

Bilde
Dette er eit minne frå eg var ganske lita, ein 4-5 år.  Far skulle passe veslesyster, og eg skulle vere med mor og plukke blåbær. Eg hadde sannsynlegvis heimesydd kjeledress, og sløyfe i håret, som seg hør og bør, sjøl om ein berre skulle i  utmarka. Me gjekk over bøane,  og opna leet  inn den vesle utmarka som høyrde til garden til bestemor og bestefar. Kyrne såg me ikkje noko til, for dei var vel ein annan stad, lenger nede i  dalen. Me steig forsiktig over det blaute og opptråkka området attmed skinfloren der bestemor mjølka kyrne, og fann kloppa over den vesle bekken som rann nedover dalsøkket.  Ho var likevel stort og skummelt for ei lita jente, som heldt fast i handa til mor til me var vel over. Det gjekk ein liten køyreveg oppover i lia mot Treet,  den første garden på nedre Mundal. Øvst oppe var det hogt  ved for nokre år sidan, og no var det  mykje blåbærlyng og blåbær å finne. Ho mor gjekk straks i ferd med å plukke, medan eg tutla omkring, såg på stubbane, plukka blo

Kortreist og langreist. Nasjonalt og globalt

Bilde
Vi var norske. Det lærde vi lenge før vi byrja på skulen.  Vi hadde ein norsk konge, norsk språk, norsk kultur og norsk væremåte. Det galdt å stø opp om det norske, være norrsk, skrive norsk, lese norsk og kjøpe norske varer. Vi måtte jo få oppatt den norske økonomien etter 5 lange krigsår!  Flagget vårt var norsk. Vi var kry av krossen, og fargane. FN var eit fjernt organ som arbeidde for verdensfreden, og at det ikkje skulle verte atomkrig, som var ( og er ) noko forferdeleg. Men flagget hadde lite med oss å gjera. Vi visste vel knapt korleis det såg ut, og det var utenkjeleg at nordmenn skulle bera det, korkje konge, statsminister eller mannnen i gata.Trygve Lie bar FNpin  kanhende, den tid han var generalsekretær i FN. Dei fattige ute i verda fekk hjelp gjennom misjonen og ymse hjelpeorganisasjonar, ulikskap var noko ein sette pris på, og som auka mangfelde, og klimaendringar hadde vi knapt høyrt om. Vår fylgde vinter, og hausten sommaren. Det regna på Vestlandet, snøa på

I desse coronatider

Bilde
Eigentlig hadde eg ikkje tenkt å skrive blogg i kveld. Det vart så mykje som hende, og eg har ikkje fått tid til å tenkje på kva  han skulle handle om.   Men ein historie eg høyrde om ei engelsk kvinne på 109 år som hadde opplevd spanskesyken, verdskrigane og alt imellom. Ho hadde fortalt barnebarnet om  korleis søstra hennar døydde i spanskesykja som 7-åring, om korleis den sjuke far hennar miste medvitet utanfor huset då dei skulle bera bort den vesle kista. Ei veke etter døydde ho av corona,  åleine på på eit sjukehus i London. Ein pleiar sat utanfor eit sjukehus og fortalde med gråten i halsen om ein 15 år gamal gut som døydde  av viruset åleine  på sjukehuset. Så kom eg til å tenkje på barndommen min. Eg hugsar at ein frå bygda var psykisk sjuk, og naboane bytte på å vake over han. Det fortelst at ein kveld kjem han ut frå senga, trekkjer portierane tilsides, og seier til dei som sit der: - Det er greit nok at de kjem og besøkjer meg, men de må jo gå igjen! Men ingen sk