Innlegg

Viser innlegg fra april, 2021

Ferievikar hjå onkel

Bilde
 Første feriejobben eg hadde, var hjå onkel Ingebjørn. Han bdde på Eikanfervåg , der han hadde fiskemathandel, men starta etterkvart opp med butikk og fryselager, der folk kunne levere inn frysevarer, og hente dei ut att når dei hadde behov for det.  Det var ein travel heim, og nå skulle eg bu der nokre dagar, og hjelpe til saman med Berit, dattera i huset. Ho var to år eldre enn eg.  Onkel Ingebjørn var oppe tidleg, henta fisk frå brønnbåt til fiskebilane, og tok så til med sløying, salting og røyking åv  fisken.  Tante Magda gjekk i gang med å lage fiskemat, og steikte fiskekaker og fiskepudding til fiskebilen neste dag. Kjempegod fiskemat, utan mykje tilsetningar. Me ungane stod opp, fann oss frukost og  tok oppvasken. Me vatna blomar og vaska golv, og reidde opp senger.  Litt leik vart det tid til, og så hjelpte me til i butikken, og ekspederte, vog og brukte kasseapparat til å ta imot pengar. Me flaug på fryseriet om det var behov, men det ville helst ein av dei vaksne gjere. Samm

Feriearbeid på Seim.

Bilde
  Margit Strandabø var lærar i småskulen på Leiknes. Ho budde på Hopland på  Seim, var gardjente og hadde gifta seg med ein sunnmøring, Karl Strandabø, fra Ulsteinvik, på sine eldre dagar.  Dei yngste søskena mine hadde henne som lærarinne, og det hende ho stoppa bilen utanfor huset på veg heim og tok ein prat.  Alle syntes det var leitt då mor vart enkje, og prøvde å hjelpa på ymist vis. Margit spurde om eg kunne vera der ei veke om sumaren, og hjelpa til i slåtten. Eg hadde ikkje noko særleg greie på gardsarbeid, så eg trur ho gjorde det mest for å vera snill. Eg har gløymt kor gamal eg var, men tenkjer at eg var 13-14 år .  Ho henta meg med bil, og me køyrde inn til ein liten gard på Seimsneset, i nærleiken av kyrkja.   Ein liten gardsveg førde opp til huset, med ein vakker hage rundt, slik eg hugsar det. Det var fjøs og låve, og ein del jord rundt.   Det var eit koseleg kjøkken, der me åt under måltida, og elles var det eit lite bad, og nokre soverom oppe. Far til Margit, Johannes

Matstell og kafebesøk

Bilde
 Når ein budde på hybel, måtte ein ha mat.  Det var greit med brødmat, for den ordna ein sjølv. Brødet skar ein med brødkniv, for oppskjersmaskin var ikkje kome.  Margarinen var hard eller blaut, alt etter årstida, og var oppbevart i skapet under kokeplata.  Syltetøy, kaviar og meir eller mindre sveitt fårepølse låg i og  skapet, for kjøleskap var ikkje vanleg på hyblar i den tida.  Middagsmat hadde ein med heimanfrå  sundagskvelden, og han rakk oftast til tysdag, om ikkje veret var for varmt.  Middagspølse var greit å steike på panna, og ein kunne kjøpe ferdigrettar av fisk, lapskaus  og kjøt med poteter, hjå slaktaren,  og varme på kokeplata på hybelen.  Men når økonomien  ein hende gong var god, så var det mange kafear og kaffistover som selde middag, og  ein kunne unne seg eit herremåltid på kafe. Ofte låg kafeane  i 2. etasje, og matlukta nådde deg allereie i trappa på veg opp.  Du bestillte  ved disken, og fekk maten lagt på tallerken av ho som ekspederte. Unntaket var fisk. Han