Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2019

Donhuset

Bilde
Yngre utgåve -No må de gå ut og dona deko! Dei eldre sa det då eg var liten på 50.talet, Det betydde at me måtte ta oss ein tur ut og leike oss. Doning var så mykje, men i dag vil eg fortelje litt om ulike donhus. Det var det vi i dag kalla leikehus, men dei var litt annsleis enn dagsens Maxbovariant. Men alle jenter hadde donhus, og nokre av gutane, og. Eg hadde eit såkalla mobilt hus, bygd opp av dynamittkassar og fjøler til tak. Det flytta eg rundt på tomta etter behov, og mykje av mi doning var nettopp å rive ned, flytte og byggje opp att bustaden. Eg hadde nokre knuste koppar og kar, og på finversdagar var dokka med ut, og var del av leiken. Huset var ikkje særleg høgt, så eg låg som oftast på magen der inne, men av og til endra eg konstruksjonen, og sette nokre av kassane på høgd, og fjølene gjekk på skrå, slik at eg og besøket mitt  sitje inne i huset. Illfoto Oddveig, kusina mi, var så heldig at ho hadde fått det gamle utedoet til donhus, og onkelen min hadde  ord

Dugnad og hjelp

Bilde
Då eg vaks opp, var dugnad vanleg . Det var bygg som skulle reisast, så både ungdomshus,og bedehusa var delvis reiste på dugnad, og ikkje minst arbeidet innomhus. Så midt under krisa på 20-30 talet, reiste og arbeidde folk i den veglause Dalebygda  3 hus med gåver og frivillig arbeidsinnsats. Det seier noko om heimbygda mi, synest eg! Illfoto Dugnad betydde å hjelpe nokon frivillig utan betaling. Det var det motsette av pliktarbeid,skriv Svein Børtveit   i boka O rd og uttrykk heimanfrå. Å lage v egar, å bryte is til meieriet, og arbeid på brua over Leiknesvågen var eksempel på pliktarbeid.  Difor var dugnaden ofte gjort  med meir glede ein var meir aktiv og engasjert og kjende seg som ein del av felleskapet ein arbeidde for.  Dei som gjorde dugnad, fekk ofte maten saman med sjølvefolket. Det var og uttrykk for at dei arbeidde i eit felleskap. Elles var det slik at naboar og vener hjelpte til når noko skulle utbetrast og byggjast, og ikkje sjeldan var det dugnadsarbeid

Skotring

Bilde
Det vr ikkje så mange bryllaup då eg vaks opp. I alle høve hugsar eg ikkje mange. Men det var jo ein del tanter og onklar som gifte seg, men eg var ikkje bedt, så difor kan eg ikkje fortelja om dei. Kanhende var bryllaupa små, fordi det var like etter krigen, og ikkje alle hadde like godt råd. Ting tok tid, for kyrkja var på andre sida av fjorden, og ein måtte i båt, anten ein tok dampen eller leigde motorbåt for å koma til Hamre kyrkje. Hamre kyrkje der dei fleste vigslane var i barndommen min. Ein skikk som var vanleg i samband med bryllaup, var at det vart skotra.  Ordet skotring har med å skotte å gjere, det vil seie å kikke, gløtte. Ein person som går på skotring vert kalla ein skotrar. Mange stader har det vore vanleg at dei ubedne har gått og kikka på bryllaupslaget frå utsida, gjennom vindauga eller liknande.( wiki) .   Det, var   ein   bryllaupsskikk   som går ut på at bygdefolk som ikkje er bedne i eit bryllaup kler seg ut, har maske på seg og går i bryllaupsla

Ikkje i kritthuset- skjor, trast og gauk

Bilde
  Onkelen min stod høgt oppe i eit bjørketre, og dreiv og reiv i kvistane. Ei skjor flaksa rundt, slo med vengene. Han ville riva ned reiret, for det stod så nær husa, og han hadde skjora mistenkt for å forsyne seg med ting, fordi det gjekk ord om det. Som han reiv i kaoset, fekk han syn for segn : ei sølvteskei, nokre myntar og anna som blenkte, låg mellom kvistane. Han reiv ned heile kvistverket, og slengde det mot jorda, før han kom seg ned att. Skjora var kjent for å hemne seg, om ho miste reiret sitt. Nokre meinte at skjora bar lukke med seg, og var glad forat ho hadde reir i tuntreet, og ho varsla når det kom folk. Men han som sat i treet og dreiv nedrivingsarbeid, var ikkje av dei. Han hadde inga overtru:  Skjora var ein rovfugl, og ho stal. Reiret såg ut som ,ja rett ut eit skjorreir, men det er  ein etter måten forseggjort bygnad,  las eg i leksika: "Paret bygger sammen et overbygd, stort og rundt  med én eller to innganger fra siden, som  i et tre, men k

Haldning til læraren : Respekt, ære og lydighet

Bilde
Du hadde respekt for læraren. Han var litt høgre enn vanleg folk. Han hadde vore ute av bygda og teke utdanning, og abonnerte på blad og aviser som ikkje var vanlege i bygda. Første åra hadde eg lærarinner. Ja, dei hette så, ettersom dei var hokjønn av lærarar. Den første eg hadde var nyutdanna, og vi elevame elska henne, sjøl om vi hadde stor respekt for henne på same tid. Ho budde på hybel hjå besteforeldra til søskenbarnet mitt, så eg hugsar vi besøkte henne ein gong, men eg var stillsleg og flau, fordi ho var i mine tankar svært annleis og eg såg opp til henne, og syntest ikkje eg hadde så mykje å tala med henne om. I andre og tredje klasse hadde vi ei ung dame som  ikkje hadde lærarutdanning, men ho var likevel litt over andre dødelege. I storskulen hadde vi lærar, som var fødd og oppvaksen i bygda, ute nokre år for å ta utdanning, og så tok han over stillinga. Han hadde hatt mor før han fekk meg, så han var utgamal i mine auge. Mor tala vel om han som lærar, så eg viss