Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2018

Bryllaup fredsvåren 1945

Bilde
Det er våren 1945. Folk visste at krigen gjekk mot slutten, og såg fram mot det. Far hadde arbedd for fullt med huset på Lundalshaugen, og han og mor skulle gifta seg. Eg har ikkje eksakt dato, men det var  tidleg vår. Dei måtte først til Bergen og registrere seg hjå¨offentlege myndigheiter, altså hjå den tyskstyrde byfogden, og så valde dei, som så mange andre, å gifte seg i kyrkja. På den tida var det Osterfjorden som var riksveg 1, og kyrkja låg på Hamre. Eg er ikkje heilt viss på om dei tok rutebåten, eller onkel Kåre skyssa med båten, men dei gifta seg, eller fekk kyrkja si velsigning over samlivet i den gamle tjørebreidde middelalderkyrkja på Hamre. Brudebiletet er teke i Bergen, og viser mor i lånt brudebunad, med krune på hovudet, og far i blådress og slips. Bryllaupet stod hjå besteforeldra mine i Lunddalen, og korleis dei kom seg frå kaia og dei 1,5 kilometrane dit, veit eg ikkje. Gjekk dei, eller stilte bestefar med hest og kjerre? Eg gløymde å spørje då eg hadde høve.

Mor - Martha Leiknes

Bilde
Eg tenkte eg ville skriva litt om mor mi denne gongen. Ho hadde eit langt og innhaldsrikt liv, så eg trur eg må dele innlegget i fleire delar. Denne gongen skal det handle om oppveksten hennar og tida fram til ho gifte seg, så det er før tidsrommet bloggen stort sett handlar om.. Ho var den eldste i ein søskenflokk på 7, født i Bergen, der familien budde i ei lita kjellarleilighet fram til ho var 5 år gamal. Då flytte familien heim til Leiknes, og bestefar tok over garden heime, med far sin som kårkall. Sjøl arbeidde bestefar i byen, så det var bestemor mi som styrde heime, på ein tungvindt gard som ikkje fekk innlagt lys før 1940, og heller ikkje hadde innlagt vatn i byrjinga. Oldefar hadde nordre del av huset, og den veksande familien hadde søre del. Ungane hadde det nok fritt og godt, med stor tumleplass på garden. Onkelen min fortalde at dei delte blokkebærtuvene på haugen mellom seg, og at han som yngstemann etter to jenter måtte lære seg å strikke. Dei vart etterkvart 7 s

Gymnasdagar i Bergen.

Bilde
g likte altså ikkje så godt å bu heimanfrå som 14-åring. Ho mor sette seg i sving, og snart hadde mødrene ordna skuleskyss til Lindås, og dermed flytte eg året etter over til Nordhordland interkommunale realskule avdeling Lindås. Det var nokre frå Hjelmås og Leiknes som hadde gått førsteåret der, og som no flytta heim att og budde heime, og nokre byrja i første klasse. Så no gjekk me i Blindtarmen, der Folkevognsdrosjen til Reidar Kålås stod klar, og han køyrde oss om Vaet medan han på vegen tok opp fleire elevar, før han sleppte oss av på Fammestad. Der stod ein skulebuss frå BNR, som køyrde resten av vegen om Myking, Vågseidet, gjennom gamletunnellen  og til Lindås. På vegen tok han opp elevar, så bussen var nesten full då me kom fram. Skulebygget var ikkje så stort, men romma første og andre klasse realskuleelevar, og hadde klasserom og spesialrom til handarbeid, sløyd, gymnastikk og song. Det var lite uteplass når det regna, men ut skulle me, så ein del av tida vart nok tilbr