Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2022

Møte på bedehuset

Bilde
Då du kom inn i gangen tok du til venstre, inn i veslesalen. På høgre sida var det 2x2 dobbeldører inn til storsalen, og  til venstre eit stort smårutete vindauga. 6-7 trebenker med ryggsete, nokre panelovmar  og ein stor etasjeomn var mesteparten av innreiinga.  Ein talarstol og eit orgel  stod på eine kortveggen.  Bedehuset var sentrum for møteversksemda. Det var mange forreningar som kom dit i løpet av ein haust og vår: Vestlandske indremisjon hadde både barnearbeidarar, ungdomsarbeidarar og emisserar. Elles kom det utsendingar frå  Den indre sjømannsmisjon, Santalmisjonen , Misjonselskapet, Misjonssambandet og Israelsmisjonen. Nokre sende emisserar for ei veke, nokre for eit par dagar, men for ei lita bygd må det ha vore  eit stort løft å ta imot, hyse og gi bidrag til så mange. i løpet av eit år.  Misjonen var mest spanande, for det var ofte misjonærar, og dei viste lysbilete eller flanellograf.  Dei hadde barnemøter,  og  ofte hadde dei gitar og song enkle songar som barna likte

Båturen som endra livskursen.

Bilde
 Kva er meininga med livet?  Eg sat på hybelen min i Bergen 17 år gamal, og var oppteken med dei eksistensielle ting. Frå ståstaden min  gjekk det an å skape seg meining gjennom karriere, yrkesvalg, familie og vener. Men kva var den eigentlege meinuinga? Eg tenkte og funderte, og fann ut at det måtte vera Gud og samfunn med han som var meininga.  Hugs at eg  vaks opp  med kristendomsundervisning, statkyrkje og sundagsskule. Eg hadde gått på yngres, og brått stod det for meg at  eg burde gjera eit aktivt val, velge Gud, på ein måte.  Eg hadde som dei fleste andre gått på yngres før eg reiste heimanfrå på skular. Ho som hadde vore leiar for yngres på Leiknes heitte Sylvia Øvstegård, ( seinare Toppe) og var då  lærar på Osterøya, på sørsida av fjorden. Eg trudde ho budde på Tepstad, men ho budde på Hjelvik, nabobygda lenger inn i fjorden.  Men eg skreiv eit brev til henne, adressert Tepstad, og spurde om ho ville vera på kaia førstkomande tysdag, for då ville eg besøke henne. Såg eg ho ik