Innlegg

Viser innlegg fra august, 2019

Yrke som var: Dampskipsekspeditør og meierske

Bilde
Alle stader der rutebåten hadde anløp, var det ein dampskipsekspeditør. Han gjorde klart varer som skulle sendast med båten, og tok imot det godset som kom med båten. Mjølsekker og kraftfor, mølkespann  og bygningsmateriale, alt vart heist på land med vinsjen frå lasterommet eller dekket.  Krøtter som skulle til slaktehuset heiste dei ombord, fiskekassar, tynner og andre ting som skulle fraktast. Det meste hadde fraktebrev, som ekspeditøren tok vare på eller skreiv ut. Trossa tok han imot og feste når båten kom, og ofte var det to, ei framme og ei bak, litt etter kor sterk straumen i fjorden  var. Han hjelpte til med å få landgangen på plass, og kunne gje ferdafolk ei hånd, om dei trengte det.  Når det ringde til avgang frå brua, var han klar til å losne trossa, ei for ei. Han helste til luva,  som skikken var, når båten bakka ut. Luve med brem, sjølvsagt. Varene vart oppbevart i eit lite skur midt på kaia. Seinare, når kaien vart utvida, stod det ytterst mot sør, på den nye del

Yrke som var- post og telegraf

Bilde
Det er ein del yrke som ikkje er lenger. Postopnar og telegrafistinne er to av dei.  Då eg vaks opp var dei på alle stader der rutebåten hadde anløp. Det var ofte kvinnearbeidsplassar, i ei tid når det var lite arbeid for kvinner.  Posten var vesentleg i barndommen min. Der fekk du aviser, brev og rekningar, og du kjøpte frimerke, og sende brev. Han var open nokre timar på føremiddag, og om ettermiddagen til klokka sju-halv åtte. Det var eit eige lite hus, som også hyste den vesle telefonsentralen. Huset hadde også ein liten hybel, med tekjøkken, slik at ein kunne overnatta om det var tidleg postavgang, eller veret var dårleg. Gangen hadde to små avlukke for dei som skulle låne rikstelefonen, ei dør til dei indre gemakker for desse to verksemdene, ein benk for dei som venta på posten, og ein glugge der ein henta og sende post. Dei som hadde telefon, måtte ringa på sentralen for å bli sett over til dei andre abonnentane på staden. Skulle du ringa til nabobygda, el

Å vaske seg - det er slettes ikke godt. Børsten er bustet, og vannet er så vått. Nei skrubb og børste og såpevann er ikke noe for en røvermann. Torbjørn Egner

Bilde
I våre dagar er dusj ein del av dagleg hygiene for mange i Noreg.  På 1700-talet var det nok å vaske seg ein gong i året, medan embetsfolk vaska ansikt og hender oftare.. Dei færraste hadde bad like etter krigen. Du vaska deg i vasken, eller i vaskefat. Kaldt vatn, eller litt varmt oppi frå vasspanna som alltid stod på komfyren. Såpe var nødvendig, og så lenge eg hugsa hadde me toalettsåpe, medan far fekk bruke sunlightsåpe når han var retteleg skiten på nevane, og det var han ofte. Morgonvasken var hovud, hals, øyrer og hender, med såpe, vaskeklut og hånduk. Skulle du på skulen, hende det du vart sett over, så og seie, for det skulle verken være strimer i ansiktet, på hendene eller halsen når du gjekk blant folk, og øyrevoksen måtte bort. Om du hadde vaska deg kvelden før, var inga orsaking. Skulle du ut, skulle du vaske deg. punkt slutt.                                         Sinkstampen.  Her seglestamp. Eg til venstre. Laurdagsvasken tok me ungane  ute om sommaren, i

Spytt ut!

Bilde
Barn og vaksne hadde ulike reglar Det var ikkje alt dei vaksne skulle veta om.  Det var ting dei helst skulle haldast utanfor. så var det ting dei vaksne gjorde, men som ungar ikkje skulle gjere.  Når far snakka med andre vaksne karar. hende det rett som det var at dei understreka det dei gjorde med å spytte, langt.  Men det var eigentleg stygt å spytte. Ein spytta ikkje. Men utanfor vaksne augo hende det at me arrangerte spyttekonkurransar. Kven kunne spytte lengst? Det vart aldri eg. Det også var moro å la det fråde litt rundt munnen, og å  blåse spyttet ut i store bobler var også spanande, men så pass grisete at vi heldt det for oss sjøl, innan ein engare krets, så å seie, når vi øvde på det. Spytta du etter nokon, ja då gav du uttrykk for djup vanvørdnad og forakt.  Gamle kallar spytta skrå, og det freste i vedomnen når dei let opp døra og let klysa gå. Eg hugsar bestefar min opna omnsdøra og gjorde det, og det spraka i omnen. Men du kunne sleike/ spytte  på