Innlegg

Viser innlegg fra november, 2019

Vadlesletta ( sludd)

Bilde
Vadlesletta er overgangen/mellomting mellom sludd og regn.  Litt ekstra 'tungt' sludd Betyr sludd, slaps, eit føre som ikkje var vel lika av dei vaksne.  Det var då ein verkeleg vart gjennomvåt. Det var då ein skleid og datt på glatt føre.  Paraplyar vrengde seg, og far kom seg ikkje på arbeid, for det var glatt. Han måtte leggje på kjettingar, og var ikkje så god å kome nær, ettersom dei skulle passe, skulle skøytast og dras for å passe. Han kunne kanhende ikkje kome opp dei bratte bakkane til huset etter arbeid, og måtte la bilen stå hjå Stella og Bernhard, og kom gåande i det våte veret, etter ein lang arbeidsdag, og var irritert og sur.  Men vi ungane jubla over vadlesletta, og drog ut kjelken når det vart kvitt på bakken, sjøl om faret etter kjelken viste grøne striper på bakken, og farten var deretter. Men det snoa, og sno betydde fantastisk mykje leik! Når vadlesletta hadde lagt frå seg ein del sno, kunne ein lage snomann. Vi laga snoball og trilla i

.Døyr reven, så gjeller skinnet", sa jegeren. (Ordspel: gjelle: gi lyd frå seg o.a.; gjelde: ha verdi o.a.)

Bilde
Det var lite rovdyr i mitt barndoms rike.  Bjørnen var utrydda på min del av Vestlandet. Kari Eidsheim skriv om den siste bjørnen på Hagset i 1757 i boka Slekta etter Petter Martin Hagesæter.  Ulven fans i dyrehagen, der han var vel innelåst bak høge gjerde, og fekk middag frå dyrepassarane.  Jerven  levde på høgfjellet langt frå oss. Det fanns ei og anna gaupe, men det var nok av folk som hadde gevær, så  det vart mindre og mindre av henne og , utan at nokon syrgde over det. Reven var der jo, men også han var offer for ei kule, og dei fleste hadde hønene godt inngjerda, og vakta lamma så lenge dei var på heimegarden eller i utmarka.  Det var skotpremie og betaling for skinn, og det gjorde det meir attraktivt å bruke børse for å drepe rovdyr. Ørna hadde vel eit og anna reir, men det var greit både å skyte henne og øydelegge reiret, for ho tok jo både lam og killingar. Ja, det gjekk fleire historiar om at ho hadde teke småborn og.  Det var klårt at ho ikkje hadde noko å

Åsmund Hagesæter del 2

Bilde
Eg har minne om ein god og snill far, som var glad i ungar. Han likte å ha oss omkring seg, og tok oss ungane med seg i bilen og på arbeid. Han hadde det vi må kalla ein naturleg autoritet, for han heva sjeldan stemma, for vi lydde han fordi vi visste han var glad i oss, og ville oss det beste. Han tok oss med på søndagsturar. Det var skikken, at han tok med ungane ut, så fekk mor litt fred, til å gjera husarbeid, laga middag, og kanskje lesa litt. Dei første minna eg har er turar etter storvegen, der far møtte andre karar, prata, og vi leika i vegkanten. Så vart me utålmodige, og hang i armane på han for å få han til å gå vidare. Men det tok si tid, for han var glad i å prata. Så var det søndagsturar med Opel Blitz, til Hjelmås for å besøke bestefar, til Eikång for å besøke onklar og tanter, og for oss ikkje minst søskenbarn, som det gjekk an å leika med. Ein gong sette han til og med overbygget på bilen, samla nokre av slekta og reiste heilt til Sletta på Radøy, der han hadde

Far min- Åsmund Hagesæter

Bilde
Opel Blitz  Det er 60 år sidan han døydde, far min, så altfor tidleg. Eg var berre 12år, pappajente, og sakna han inderleg. Han var fødd i Eikangervåg i 1917, der bestemor og bestefar hadde teke over garden etter oldeforeldra på morsida. Men bestemor døydde i barnseng, bestefar gifte seg opp att med tenestegjenta, som så ofte skjedde i slike tilfelle, og oldeforeldra tok tilbake garden i 1928. Bestefar og Åsa gjekk med 6 av ungefloken, den yngste berre nokre veker,  gjennom utmarka til Hagset, der dei budde hjå mor hennar, på Knippevedhaugen medan bestefar bygde eit provisorisk hus på Lynghaug på Hjelmås. Dei flytte dit i 1929 og  bestefar laga seg sagverk i Grovæ på Hjelmås, og bygde eit nytt og bedre hus til sin veksande familie.Der flytte dei inn i 1936. Far og syskena hans hjelpte til både heime og på saga, og tok del i bestefar si interesse for båtar, og var med å bygge om og føre båtane for bestefar. Dei fekk ikkje løn hjå bestefar så lenge dei budde heime, men fekk mat og

Sigmund Husdal - tida på Leiknes og i Knarvik

Bilde
                                                                 Deltakarmedaljar Så hadde Sigmund Husdal gifta seg med mor, og fenge 6 ungar i alderen  5-16 år på kjøpet. Han hadde sjølv vakse opp i ein stor familie, og sikkert sakna sin eigen i vaksen alder, så han fann seg godt til rettes. Men det vart vel og ei bratt læringskurve både for han og oss, for me var mange, var i ulik alder og hadde ulike behov.  Sigmund tilførte familien vår nye interesser. Han var ihuga målmann, og vi vart meir obs på å bruke språket vårt i skrift og tale. Han las mykje, og kjøpte mange bøker, særleg av dei nynorske. Kvar jul vart det også kjøpt inn ein heil del barnebøker frå Samlaget, og han las mykje til dei minste ungane. Han var interessert i kino og teater, og tok mor og oss eldste med på Den nasjonale Scene og på nye filmar som kom.  Eg hugsar mellom anna at vi såg Marienbad. Stor var gleda då vi fekk ein liten bror året etter dei gifta seg. Sigmund var stolt og glad over son sin, og vi a