Innlegg

Viser innlegg fra november, 2020

Skolevegen- ei oppleving

Bilde
I desse tider når dei fleste tek buss til opplæringstaden, og står i busskuret og ventar på transport. Dei småsøv på veg til skulen, og går av bussen to minuttar frå skulen, er eg takksam for at eg hadde skuleveg.  Ha det! Døra slo att, og eg spurta ned trappene. Klokka var 8.15, og andakten hadde nettopp starta i radioen. Salmetonane var teiknet på at det var lov å gå på skulen, for mor var nøye med at du ikkje skulle gje deg i veg  så altfor tidleg.  Ho skulle ikkje ha ungar som rak på bygda! Eg hadde smurt langebrødskiver med pølse, ost og kaviar, og mjølkeflaska var på plass i ranselen, saman med skulebøkene for dagen.  På veg bortover storvegen til grinda inn til Myramarka repeterte eg salmeverset, som som regel sat spikra, men om ikkje, fekk eg lesa over det eit par gonger når eg kom fram til skulen.  Dei håle bergskrentane opp frå vegen gjekk fort, og om det var svedl, så gjekk ein berre utanom, på stigen.  Mr fylgde ein gamal kjerreveg over marka når me skulle på skulen, og som

Dagleg liv

Bilde
  Far var først oppe. Han kokte kaffi, åt og drog på arbeid. Åsta og Edit var dei neste, og dersom det var at kakao frå kvelden før, var det deira fangst. Litt etter litt stod resten av familien opp, og  me åt frukost. Radioen stod på, og  etterkvart vart klokka åtte, og det var vermelding, om me ikkje såg ut gjennom vindauga korleis stoda var.  Det var dagsnytt, og så kom andakta kvart over åtte. Då var det tid å gjere seg klar for dei som skulle på skulen, medan me andre som var heime, høyrde barnetimen, der Alf Prøysen, Torbjørn Egner og Anne Cath. Vestly  fortalde sine historiar.  Det var tid for plikter for heinmeverande barn, og det kunne vera å ta av bordet og vaske opp. Oppvaskmaskina kom 20 år seinare. Me hadde ikkje kjøleskap, så mjølk, smør og pålegg måtte i kjellaren når det var varmt.  Golvet skulle vaskast, og ofte var det ein som fekk tur på butikken og meieriet..  Når vi ungane var heime, var det sjølvsagt at vi måtte hjelpe til. Vi høyrde til familien, og dermed arbeid

Det gjeld å sko seg

Bilde
  Tøysko Det var kjempefint å gå berrføtt om sumaren.  Varmt i trappa, og det var hardt å gå på grusen på storvegen, men mjukt og godt når du tusla omkring i hagen. I utmarka var det orm, så der brukte me sko. Sommaren var og tida for gummisko. Det var lette sko, med gummisåle og oversåle av tøy, og med snøring av tøylisser. Dei var lette å bruke og du kunne springe og klyve med dei. Sandaler brukte vi og, men dei var ikkje så vanlege.  Tresko stod det ofte ute i bislaget. Dei var fine å stiga ned i når du skulle ut eit ærend, og brukte du leistar i dei, så var dei varme og gode. Men me bruka ikkje tresko ute blant folk. Det var ingen som bruka det lenger.                                                     Vkingstøvler Ut over hausten vart det tid for gummistøvlar. Ungane hadde fargerike støvlar, men det var litt stort å få dei brune Vikingstøvlar med snøring framme.Då var du på veg mot å verta vaksen. Dei var tunge,  men ein kunne vassa og gå i søle og utmark, sjølv om det regna.  De