Det skjer igjen-
I fjerde klasse hadde vi handarbeide for første gang. Det var i bedehuset, ein månad om vinteren, og småskulen hadde fri. Vi gjekk saman med 5, 6 og 7. klasse, og det var spanande å vera med dei store. Dei sydde seg kjolar og drakter, og strikka store plagg, medan vi heldt på med handarbeidsposar og vottar. Dei prata om vaksne ting, synes me. Denne vinteren gjekk det vekking over bygda, og det prega også samværet på skulen. Dei eldste gjekk på møter, og nokre av dei tok imot Jesus og endra livsstil. I staden for slagarar vart det sunge bedehussongar, og me yngre sang med. Det var tale om kva som gjekk føre seg på møtene, og alle vart vi vel meir oppteken av åndelege saker den vinteren. Eg hadde songmøter på lemmen, og lærde opp yngre søsken i song og møteteknikk. Søster mi song " Han er tofast i går som i dag", med atonal stemme. Det var elles ikkje så mykje vi fekk lov til å gå på dei ordentlege møtene, men vi var på gudstenestene, og masa oss til eit og anna bedehusmøte.