Innlegg

Viser innlegg fra 2019

Minner om juletreet og pynten. Kva symboliserer treet og pynten?

Bilde
 " Du grøne glitrande tree god dag, velkommen du som vi ser så gjerne med julelys og med norske flagg og høgt i toppen den blanke stjerne! "                                                                ( Fotograf Tomas Eikrem) Juletreet var kortreist. Anten fann du det på eigen tomt, eller du fekk hogge eit hjå naboen. Det var ikkje noko særleg seremoni med å finne det. Som oftast hadde far sett det ut, eller han tok seg ein tur ein av dei siste dagane føe jul. Treet vart sett i vedskjulet, og der fekk det stå å renne av seg is, snø eller regn.  Formen kunne variere, frå langt og smalt, til meir rundt nederst og smalare øvst. Treet vart hogge til for å passe til foten, og etter dei elektriske lysa kom i hus, vart toppen kutta for å passe til stjerna. Nokre gonger var det gran, andre gonger furu. Det hefta ikkje. Eit juletre var eit juletre!  Dei første åra pynta mor og far det, seinare vart det eit fellesarbeid.  Vakkert var det kvart år, for oss borna, når de

.Der fins en evighet av fred bak alle stjernene et sted. (Inger Hagerup )

Bilde
  Nå er den hellige time Vi står i stjerneskinn og hører klokkene kime Nå ringes julen inn (Eivind Skeie )   -Dei fylgde stjerna. Desse orda frå juleevangeliet var ein del av barnelærdommen. Me hadde juleevangeliet i lekse før kvar jul, og me lærde julesangar, der me og song: - "Stjerna leidde sant og visst, vise menn til Jesus Krist. Me hev og den same stjerna, vil me berre fylgja gjerna, fører ho til Jesus fram". Og me visste, og fekk oss fortalt at det som leidde oss til Jesus Kristus, var Guds ord, Bibelen. Ute hadde me stjernehimmelen.  Var det opphaldsver om vinterkvelden, skein det stjerner. Dei var fylgjesveinar når me var ute og gjekk, blinka til oss, og lyste opp vegen, saman med månen. Stjernene var våre vener. Det var ingen skodde som skygde for dei på landsbygda.  Av og til var det stjernerap, og ei stjerne for over himmelen, og vart borte. Ho døydde. No døydde det eit menneske, sa me. Det hadde vi vel fanga opp frå HC Andersens jule

Mor tek sertifikat og held fram med bedrifta hans far.

Bilde
Då far døydde, tok mor over entrepenørverksemda hans far.Ho hadde frå før vore med å føre rekneskap og skrive anbod på nytt arbeid, men ikkje vore med i det daglege arbeidet. Me hadde ein betrudd medarbeidar, Alf ( Svingen) Fyllingen som kunne det meste, men det var for tungvindt å ikkje kunna kjøra lastebil, sjå på nye oppdrag og kjøre arbeidsfolk dit dei skulle. Økonomisk støtte til barn som hadde mist forsørger kom i 1957, året før far døydde, men det var inga støtte til enkja. Den offentlege tilskuddet var likevel ikkje nok til å forsørge 6 born, når du ikkje hadde gard å støtte deg til. Mor og far hadde huslån og litt lån på bil og utstyr, og når det attåt var  6 munnar å mette, var det berre å brette opp armane og gå i gang med å arbeide. Det som var nærliggjande, var å halde fram med verksemda til far, med husagrunnar, kjelder og vegbygging.  Det var ingen kvinner som hadde sertifikat på landsbygda den gongen. Det var som ein sa, kvinnene var ikkje betrudde å ta i ei mjølke

Adventstur til bydn

Bilde
No tar det omlag ein halv time frå Leiknes til Bergen. Du reiser når du vil, og inntil for nokre dagar sidan var det kostnadsfritt, utan bompengar. Då eg vaks opp, var det ansleis. Anten var det bil eller rutebuss til Isdalstø, 20 minuttar ferje, og biltur inn til Bergen over Hedlesneset og Sandviken til Bergen sentrum.  alternativt kunne du ta rutebåten, som kryssa fram og tilbake i Osterfjorden, og tok på og sette av reisande og gods på sin veg til og frå Bergen. Turen tok eit par timar, alt etter kor mange stoppestader det var. Det var slik at kom du forseint til båten, så kom du deg ikkje til byen den dagen, og måtte venta til neste dag. Men dei fleste var ute i god tid, og dersom nokon var øverst i Nøstkleivæ som bar ned til kaien når båten la til, så var det visse prosedyrer som skulle gjennomførast, med postfunksjonær, passasjerar som skulle av og på, og mjølkespann og anna gods som skulle ombord. Båten venta og nokre minuttar om ein bad om det. Som oftast var ungane send

Vadlesletta ( sludd)

Bilde
Vadlesletta er overgangen/mellomting mellom sludd og regn.  Litt ekstra 'tungt' sludd Betyr sludd, slaps, eit føre som ikkje var vel lika av dei vaksne.  Det var då ein verkeleg vart gjennomvåt. Det var då ein skleid og datt på glatt føre.  Paraplyar vrengde seg, og far kom seg ikkje på arbeid, for det var glatt. Han måtte leggje på kjettingar, og var ikkje så god å kome nær, ettersom dei skulle passe, skulle skøytast og dras for å passe. Han kunne kanhende ikkje kome opp dei bratte bakkane til huset etter arbeid, og måtte la bilen stå hjå Stella og Bernhard, og kom gåande i det våte veret, etter ein lang arbeidsdag, og var irritert og sur.  Men vi ungane jubla over vadlesletta, og drog ut kjelken når det vart kvitt på bakken, sjøl om faret etter kjelken viste grøne striper på bakken, og farten var deretter. Men det snoa, og sno betydde fantastisk mykje leik! Når vadlesletta hadde lagt frå seg ein del sno, kunne ein lage snomann. Vi laga snoball og trilla i

.Døyr reven, så gjeller skinnet", sa jegeren. (Ordspel: gjelle: gi lyd frå seg o.a.; gjelde: ha verdi o.a.)

Bilde
Det var lite rovdyr i mitt barndoms rike.  Bjørnen var utrydda på min del av Vestlandet. Kari Eidsheim skriv om den siste bjørnen på Hagset i 1757 i boka Slekta etter Petter Martin Hagesæter.  Ulven fans i dyrehagen, der han var vel innelåst bak høge gjerde, og fekk middag frå dyrepassarane.  Jerven  levde på høgfjellet langt frå oss. Det fanns ei og anna gaupe, men det var nok av folk som hadde gevær, så  det vart mindre og mindre av henne og , utan at nokon syrgde over det. Reven var der jo, men også han var offer for ei kule, og dei fleste hadde hønene godt inngjerda, og vakta lamma så lenge dei var på heimegarden eller i utmarka.  Det var skotpremie og betaling for skinn, og det gjorde det meir attraktivt å bruke børse for å drepe rovdyr. Ørna hadde vel eit og anna reir, men det var greit både å skyte henne og øydelegge reiret, for ho tok jo både lam og killingar. Ja, det gjekk fleire historiar om at ho hadde teke småborn og.  Det var klårt at ho ikkje hadde noko å

Åsmund Hagesæter del 2

Bilde
Eg har minne om ein god og snill far, som var glad i ungar. Han likte å ha oss omkring seg, og tok oss ungane med seg i bilen og på arbeid. Han hadde det vi må kalla ein naturleg autoritet, for han heva sjeldan stemma, for vi lydde han fordi vi visste han var glad i oss, og ville oss det beste. Han tok oss med på søndagsturar. Det var skikken, at han tok med ungane ut, så fekk mor litt fred, til å gjera husarbeid, laga middag, og kanskje lesa litt. Dei første minna eg har er turar etter storvegen, der far møtte andre karar, prata, og vi leika i vegkanten. Så vart me utålmodige, og hang i armane på han for å få han til å gå vidare. Men det tok si tid, for han var glad i å prata. Så var det søndagsturar med Opel Blitz, til Hjelmås for å besøke bestefar, til Eikång for å besøke onklar og tanter, og for oss ikkje minst søskenbarn, som det gjekk an å leika med. Ein gong sette han til og med overbygget på bilen, samla nokre av slekta og reiste heilt til Sletta på Radøy, der han hadde