Innlegg

Viser innlegg fra august, 2018

Potetferie og potetkjellarar.

Bilde
Haustferie? Berre ein månad etterat skulen har byrja etter sumarferien? Det er jo galskap, meiner mange. Ein bryt opp læringsprosessen til barn og unge.  Men kvifor har vi denne skikken? Jau, før heitte det potetferie. Så lenge potetopptakinga var manuell, eller ein brukte hest og potetopptakar, trengtes det mange hender for å få potetene i hus. Vi ungane hugsa den einslege poteta som vart sett i jorda, og gledde oss over å sjå at ho haddde blitt til mange. Samstundes var morpoteta blitt skrukket og nesten roten. Eit symbol på livets forgjengeligheit, og at eit verksamt og grøderikt liv gjekk mot enden. Vi mintes vel diktarens ord om tytebæret: -Mognar du , så vil du beda, just den same bøn som eg: mogen mann det mest må gldea, bort for folk å gjeva seg.- Ei potet døde, og gav liv til mange nye poteter, og mat til svoltne munnar. Eg kan ikkje hugse at me hadde lang potetferie. Eg trur læraren vår var oppteken av å slutte tidleg til sommaren, så eg trur ikkje denne ferien

"Paddedammen"

Bilde
Bortafor huset, attmed vegen låg det ein liten sump. Den fylltes fort opp når det regna, og tørka ut i godver. Han kunne vere sigledam for heimelaga trebåtar av ymse slag, snekra i garasjen hos far når han ikkje var heime. Spissa med øks eller tollekniv, og sjølsagt var det banka på eit styrehus med 4 tomsspikar. Det var ein spikar til mast, og av og til ein spikar til å feste hyssing i fremst på båten. Vi laga kaiar av nærliggjande steinar, og hadde mang ei våt og koseleg stund, anten me dreiv fraktefart i Osterfjorden eller langsiktig mot Amerika. Var det mykje vatn, kunne ein og bruka han til å måle djupna på dammen kontra høgda på gummistøvlane, og sjå kvar ein kunne vasse utan at det gjekk over støvlane. Av og til gjekk det over støvlekanten anyhow, fordi vi ikkje rekna med bølgjegangen når vi  vassa, eller var så uheldig at vi trakka på ein liten vippestein. Men då var det berre å tøme ut vatnet og halde fram. Ein tagde klokeleg om våte støvlar til kvelden, slik at ein ikkje

Apropos skulestart

Bilde
Det var stas å gå på skulen. Me gjekk 3 dagar for veka, og hadde ein fridag mellom kvar skuledag,Laurdag var det og skule.  Litt yngre utgåve. Du fekk ransel til du skulle byrja på skulen. Somme arva etter eldre søsken. Eg fekk grønrutete, med plastbelegg utanpå, så han ikkje skulle bli så fort våt, og bøkene like så. Penalhus fekk eg og, trepenal med lokk  av tre og plass til blyant, viskelær og etterkvart blyantspissar, penn og pennesplitt. Eg er ikkje sikker på om me kjøpte skrivebøker eller fekk dei, men etterkvart vart dei utlevert på skulen. Du måtte tydeleg dokumentere at du hadde skrive eller rekna ut heile boka, og brukt plassen godt før du fekk ny. Det same galdt blyantar og viskelær. Vi fekk opplæring i bruk av blyantspissar og viskelær, og nåde den stakkar som delte viskelæret i to med blyanten, eller ikkje viska til siste rest av læret var oppbruka! Eg trur læraren skreiv opp når du fekk ny blyant eller viskelær. ABC og lesebøker fekk me på skulen, og dei m