Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2017

17-mai

Bilde
Toget hadde kome fram til endestasjonen- ungdomshuset. I våre dagar eit lite uanseeleg hus, den gongen stort og innhaldsrikt. Det var pynta for høvet, med avhogne ungbjørker kring inngangsdøra, og  små norke flagg  i kross i lauvet. Den vesle gangen til å henge frå seg klede i hadde to -tre trebenker utan ryggstø, og inne i sjølve salen var det pynta med bjørkelauv, flagg og ungbjørk.  Dei fleste sat på trebenker utan ryggstø, men så vid eg hugsar var det nokre benker fremst som hadde rygg. Ei lita trapp leidde opp til scena, der det var duka bord kring 3 av veggene, med kvit papirduk og norske flagg. På andre langveggen var det trapp ut til kjøkkenet, som var i kjellaren. Der koka dei rømmegraut eller ertersuppe, alt etter som menyen var det året. Kaffi vart det også koka, sjølsagt. Det var program, med "Ja, vi elsker", "Fagert er landet", "Gud signe vårt dyre fedreland" og" Å, eg veit meg eit land", og enno fleire. Ein og annan gong

17.mai-

Bilde
Eg tenkte først å skrive om 17.mai, og så såg eg at eg hadde skrive ganske utførleg om det i fjor. Men eg finn ikkje noko anna å skrive om, så her kjem 2017 versjonen av 17, maifeiringa i min barndom, medan me enno feira dagen i ungdomshuset på Leiknes. Men dagen starta litt før. Me lærde om dagen på skulen, om 1814, då me fekk grunnlova og vart fri frå danskjen, om Henrik Wergeland som stifta dagen, om 1905 då kong Håkon vart kongen vår og steig i land på Honnørbryggja i Oslo med vesle kronprins Olav på armen. Me lærde om tyskjen som tok landet i frå oss, og gleda  over å vera fri att. Det var jo berre 8-10 år sidan. Men førebuinga fortsette. Me teikna norske flagg etter mål, og prosesjon og vårlauv. Me lærde "Vi ere en nasjon vi med", og kjende byrgskapen over å vere ein del av dette landet. Me var ikkje utanfor, men med!  Så lærde vi utanatt "Gud signe vårt dyre fedreland " og " Fagert er landet", og det seig inn at- vil Gud ikkje verja folk og

Freden og tida etter.

Bilde
I desse vakre maidagane er det fint å minnast ei tid som var. Eg er fredsbarn, eller litt etter freden, eigentleg. Eg vaks opp med foreldre og besteforeldre som mintes krigen, der tyskarane så absolutt var "the bad guys" og  amerkanarane "the good ones". Foreldra mine snakka om krigen, og kor godt det var då meldinga kom om fred, om korleis flagga vart heist over heile bygda, og folk kom på vitjing for å fortelje at det var fred. Rusen og begeistringa var til å ta og føle på, sjøl i ei lita avsondra bygd som vår, som enno mangla bru over Vågen for å kome i kontakt med andre bygder, og måtte ut med båt for å få kontakt med andre, om vi ikkje fylgde utmarksvegar til Hjelmås eller Seim. -Det kom eit par tyske soldatar nedover vegen, sa mor.- Dei hadde vel lege i dekning  i utmarka ein eller annan stad. Ho fortalde ikkje så mykje meir, men i dei siste åra vart det meir om krigen, om frykt,  blending, tyskarane på gatehjørna i byen, om razzia, bombing og under