Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2018

2.året på realskulen gjekk eg på Lindås

Bilde
Eg likte altså ikkje så godt å bu heimanfrå som 14-åring. Ho mor sette seg i sving, og snart hadde mødrene ordna skuleskyss til Lindås, og dermed flytte eg året etter over til Nordhordland interkommunale realskule avdeling Lindås. Det var nokre frå Hjelmås og Leiknes som hadde gått førsteåret der, og som no flytta heim att og budde heime, og nokre byrja i første klasse. Så no gjekk me i Blindtarmen, der Folkevognsdrosjen til Reidar Kålås stod klar, og han køyrde oss om Vaet medan han på vegen tok opp fleire elevar, før han sleppte oss av på Fammestad. Der stod ein skulebuss frå BNR, som køyrde resten av vegen om Myking, Vågseidet, gjennom gamletunnellen  og til Lindås. På vegen tok han opp elevar, så bussen var nesten full då me kom fram. Skulebygget var ikkje så stort, men romma første og andre klasse realskuleelevar, og hadde klasserom og spesialrom til handarbeid, sløyd, gymnastikk og song. Det var lite uteplass når det regna, men ut skulle me, så ein del av tida vart nok ti

Lindås interkommunale realskule avdeling Alversund

Bilde
                                (Biletet er frå 1970, og teke frå " Gamle bilete i Nordhordland") Vi sat og sveitta i ein stor gymnastikksal nede i Alversund. Det var opptaksprøve på Nordhordland interkommunale realskule, og eg sat saman med eit hundretals andre og gjorde mitt beste for å klare oppgåvene. Den eine dagen skreiv vi stil i 5 timar, den neste rekna vi i like mange timar, og den siste dagen svara  me på kunnskapssprsmål frå historie, landkunne ( geografi) naturfag og kanhende ennp fleire område. Det var høgtideleg opptaksprøve, med eksamensvakter og eksamensreglar. Så reiste vi heimatt, og fekk vita resultatet etter ein månads tid. Eg og ein til frå bygda kom inn, han på Lundås og eg i Alversund. Me var litt krye, for dei fleste som vart tekne opp hadde gått framhaldsskule først, medan me kom inn rett frå folkeskulen. Mor hadde nemleg ikkje fått fullført utdanninga si, fordi ho måtte heim att då yngste onkelen min kom til, for ho trongs til å hjelpa t

Onkel Bjarne, ein roleg og trufast kar

Bilde
Det er ikkje alle onklane mine eg hugsar like godt, og veit like mykje om. Derfor skriv eg ikkje om alle, men om dei eg  hugsar best. Han onkel Bjarne var den yngste i første kullet av bestefar sine barn. Han var 5-6 år då dei flytte frå Eikanger, og vel eit år eldre då dei flytte inn i nyhuset på Hjelmås. Han og Erling dreia bollar og fat under krigen, rosemalte dei, og selde dei i byen for å tene nokre kroner. Han var og med i Bjørn Weststyrkane siste del av krigen, saman med bror sin, Ingebjørn, og kom saman med dei andre heimevernskarane nedatt frå fjellet og ut Osterfjorden med Hosanger 1   8. mai 1945. Han malte hus både under og etter krigen, og så vidt eg veit, tok han eit kurs på Statens Industriskule i Ytre Arna, men eg er ikkje sikker på det.  Han var flink til å måla, og eg veit at fleire av brørne hans hadde eit motiv med redningsbøye, redningsskute og teksten: " I storm og uvær er Gud din redder". Det var måla på huntonitt, eg held på å seie : fattigdo
Bilde
Han var tredjemann i barneflokken hans bestefar på Hjelmås. Under krigen  budde han  i 2. etasje hjå bestefar saman med kona si.. Han dreiv med  illegalt arbeid siste del av krigen,  med våpensmugling, og måtte gå i dekning etterat tyskarane hadde ein razzia ute  Øygarden. Først låg han  i ei koje i Eikangermarka, før han drog nordover, og  innover til Matrefjella, og slutta seg til Bjørn West. Kona hans hadde fødd ei jente i desember 1944,  og vart åleine med ansvaret for ei nyfødt dotter, men ho hadde nok  i ein del hjelp frå storfamilien ho var ein del av. Ingebjrn var blant dei som kom utover med Hosanger 1 frigjeringsddagen, og tok del i vakthaldet våren  1945. Han starta opp med fiskematproduksjon på garden til broren i Eikangervåg, og brørne selde på dørene heime på Hjelmås, og til butikkane på Kløve og i Eikangervåg. Så bygde  han  hus, og busette seg ved den vesle elva som rann ut frå Eikangervatnet. Kona hans, ho Ingeborg, døydde tidleg, og han fekk ho Magda som hus

Bruken av vegen over Soddalskaret, etter som eg har høyrt.

Bilde
Vegen frå Hodnesdal over Soddalsskaret var i gamle dagar kontaktpunktet med omverda, om ein tok landvegen.. Då kom ein over til Prestvegen,som gjekk frå Naustdalen i Hillesvåg til Seim, ettersom Seim sokn høyrde til Hosanger prestegjeld. Korleis tankegangen var med det makabytet, veit eg ikkje, men det må ha noko med at det var lett å reise med båten over fjorden. Vegen over Soddalskaret er nemndi samband med jordskiftet på Leiknes i 1876. I 1884 vart det nemnd som nytt anlegg,  og det var ferdig i 1908. Ho mor fortalde at under krigen trengte ho  nye ski.Det var ingen ting å få tak i på Leiknes, og bestefar som arbeidde i byen, som forskalingssnikkar, fekk heller ikkje tak i noko. Det var rasjonering på alt. Dei hadde likevel høyrt at på Seim selde handelsmannen ski. Så mor og systra hennar, ho Ingrid, tok ut. Ho mor var vel 17 år, Ingrid to år yngre. Dei gjekk opp i Hodnesdalen, tok over Soddalsskaret og til Sjauset, der dei tok pause hjå nokre slektningar. Eg trur det må

På nesten attgrodde vegar - Hodnesdal - Soddalskaret.

Bilde
Heilt sidan eg høyrde at far min hadde køyrt bil til Leiknes over Soddalskaret, har eg hatt hug til å gå vegen.  Gunnar, onkelen min fortalde om turen i eit brev på Messenger:"M en det var etter som eg hugsar ein liten Bedford. Åsmund kjøyrde og to andre var med, ein av brørne mine og så Alf (svingen) Fyllingen. Eg var 4 år og hadde mast meg til å vera med (til bry), men Åsmund og Alfen likte ungar og det gjorde det mesto meir morosamt å masa seg med.   Dei brukte både stokkar til våg stein til underbygging og vågemat og fram kom dei. Heimat kjøyrde me ikkje fordi bilen skulle brukast på Leiknes nokre dagar. om dette hende meir en ein gong veit eg ikkje". Ikkje fullt så strøken, trur eg Det har og blitt meg fortalt at ein gutunge ropte til ein annan: - Du må komma og sjå! Han Åsmund har kome med lastebil til bygda! Det var nok den første, og vel verdt å sjå på,  for brua kom som sagt ikkje før i 1949, så nokon annan lastebil hadde det nok ikkje vore i Dalebygden før.