Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2018

Rundetider

Bilde
Tre etter Maier! - Fire foran verdensrekorden! - Han går med armen laus i svingane! I min barndom hadde me skeiselaup, og dei vart referet gjennom radio. Reportaren forsøkte å beskrive kva som hende, og du danna deg eit bilete i hovudet av det han fortalde. Dei ferraste av oss hadde sett eit skeisestadion, og i den korte vintertida det var skeiseis på Vestlandet, laga dei ivrigaste blant oss skeisearena, la hendene på ryggen og agerte Hjallis og Kuppern med snabelskeisene på. Dei  færraste av oss hadde sett dei store skøyteløparane i live, eller vore på eit verkeleg stadion, men vi laga oss vel eit bilde av teknikk og stil gjennom radioreferata. Vi fekk blant annet høyre at russerne var kattemjuke og kraup godt sammen i svingane. Og så ble vi fortalt at løperne ”kastet” armane .   Dei ivrige   prøvde så godt  dei  kunne å følge instruksane, og kasta eller veiva med armane når dei sveiv rundt den vesle skeisebana. Rundetider tok ein nok, men dei stemte jo ikkje alltid. Skeisebana