Innlegg

Viser innlegg fra april, 2019

Den lekse man lærer som ung, er aldri tung.

Bilde
Vi hadde lekser, og vi gjorde lekser. Å ha lekser var å vere stor, og frå byrjinga maste me på å få lekser på skulen. Det starta smått, med å leggje gråpapir på leseboka og kladdebøkene. Seinare var det å gjere ferdig sida med tal, og skrive bokstavar. Raude for konsonantar, og blå for vokalar,ogå skrive småord og etterkvart setningar. Det var stas å ta fram leksebøkene, og gjere ferdig sidene, medan småsøsken såg misunneleg på, eller sat ved sida av og teikna eller krota på eit brødpapir. Det var ein gong i første klassen at leksene var eit herk, og det var den gongen eg elles hadde fått vore med far på ettermiddagsarbeid, men måtte heim og gjere leseleksa. Då var det protestar og gråt og tenners gnissel, men dei vaksne heldt stand. Lekser måtte gjerast! Men etter ei tid ved spisebordet knekte eg akkurat den dagen lesekoden, og stava meg fleire sider framover i boka. For ei glede å kunne forstå det som stod der! Eg kjenner det enno. Bibelvers og salmevers skulle lærast utan

Smått og småkryp.

Bilde
Eg snykta og gret.  Det var ein av dei første fine sumardagane, og eg gjekk berrføtt, med berre labbar i skorne. Då sveid det noko infernalsk på eine leggen, og ei humle surra vidare. Ho hadde stukke meg, og det gjorde inderleg vondt på ung hud. Mor smurde vel med smør, som var vanleg remedie mot insektsstikk i dei dagar, og litt etter litt stilna gråten. Men enno i dag kan eg kjenne kor besviken eg var over at humla verkeleg kunne stikke meg! Eg hadde jo ikkje gjort henne noko, og let ho surre i fred! I barndommen min var elles menneska herre over dyra, og  eg hugsar enno biletet av den vesle jenta som stod på skalet av skilpadda, som eit symbol på at menneska rådde over dyra. Så Passopp hjå bestemor fekk restar etter middagen, potetskrell og bein og sauserestar. Bestemor sanka det saman, og sende ein av onklane mine ut til hunden, som sjølvsagt stod i band det meste av tida. Det var korkje Labb eller vaksine på dyret, som levde sitt hundeliv  i klar forvisning om at alt som me